– Kvinna er lettare skadd. Me har mistanke om at ho var påverka av rusmidlar, seier Jan Erik Matre, lensmann i Etne.
Ulykka skjedde i 06.30-tidatysdag morgon. Kvinna kom vestfrå og ulykka skjedde i den første høgresvingen etter skytebana på Fikse mellom Etne og Ølen.
– Kvinna kjørte rett fram og i fjellveggen på venstre side, tørna rundt og fór ut av vegen på høgre side. Heldigvis kom ingen bilar i mot, seier Matre. Kvinna sat fastklemt i bilen med beina og var medvitslaus då dei første kom til staden. 22-åringen blei frakta til Haugesund sjukehus. Ettersom det er mistanke om ruspåverknad, er det tatt utvida prøvar av bilføraren. Kvinna var åleine i bilen.
Kjørte i fjellveggen
– Kvinna er lettare skadd. Me har mistanke om at ho var påverka av rusmidlar, […]