Kjøttfestival etter oppskrifta

Kåringa av Vestlandets beste kjøttsuppe og NM i pølseeting var to av fleire høgdepunkt under […]

Kåringa av Vestlandets beste kjøttsuppe og NM i pølseeting var to av fleire høgdepunkt under årets Kjøttfestival. Else Fjæra frå Fjæra gjekk av med sigeren for beste kjøttsuppe, medan Steinar Stensen frå Frakkagjerd vart noregsmeister i pølseeting.
Kan kokekunsten
Else Fjæra kan no sjå fram til premien ho fekk for oppskrifta si; ein tur for to til Ålesund under NM i kokkekunst i august.
— Dette var kjekt! Eg trur eg kjem til å ta med meg barnebarnet mitt Cathrine Fjæra (18) til Ålesund. Ho var så grei å hjelpte meg med dataarbeidet i konkurransen, seier ei smilande Else Fjæra.
Det skilde berre eit lite poeng ned til andreplassen og Tor Åge Hundseid frå Vikedal si suppe. Grunnen til at Else gjekk av med sigeren trur ho har mykje å gjera med ein heilt spesiell ingrediens.
— Det var nok heilt sikkert krafta frå fenalåret frå i fjor som gjorde susen. Den set ein heilt spesiell god smak, seier ho.
Mett vinnar
På tredjeplass i suppekonkurransen kom Anne Grethe og Johan Straumsøy frå Markhus. Kunsten å lage god mat kan folket i Åkrafjorden, det er to pallplasseringar tydeleg bevis på.
Søndag var det klart for eit svært så mettande kappløp; NM i pølseeting. Først var det eit innleiande heat med ungdommar på startstreken. Vinnaren her, Jan Henrik Heggebø, klarte å fordøya seks pølser på tre minutt. I seniorklassen var det ni personar som ville freiste lukka på å bli noregsmeister. Det vart eit jamt res mellom nokre av deltakarane, men til slutt var det Steinar Stensen frå Frakkagjerd som gjekk av med sigeren. Stolt kunne han ta i mot den flotte pokalen, eit diplom og eit flott utskore fat.
— Eg vil vera med neste år òg, så no skal eg heim å trena, sa ein smilande vinnar.
Det var tett med publikum både laurdag og søndag. På laurdagen var talet på innbetalande nesten 3000, medan tala for søndagen ikkje var klare då Grannar gjekk i trykken.
— Det er meir publikum i år enn i fjor, det er i alle fall sikkert. Me har fått mange gode tilbakemeldingar frå utstillarane om at dei sel godt. Ein ting som er ekstra kjekt er at det er såpass mykje framandfolk her. Det er tydeleg at me har klart å lokka mange til Ølen denne helga, seier ei travel Unni Marie Lien i arrangørgruppa.
Noko for liten og stor
Godterimannen Daniel Larsen, var populær for borna. Søndag hadde han godterishow frå scenen, og på laurdag delte han ut ballongfigurar og godteri i festivalgatene. Den raude kua Litago var også ein tur innom festivalområdet. Ho dansa og tulla og fekk fram smilet hjå både liten og stor.
Smaksprøvar var det mange av. Raudvinspølse frå Voss. Sambosa frå Etiopia. Spekemat frå Lundal. Sundepølse frå Rosendal. Smaksløkane fekk verkeleg prøvt seg. Publikum smaka og handla. Det var tydeleg at publikum lika seg på Kjøttfestivalen i Ølen.