Klar for bestillingsverk

— Vi er svært nøgde med at vi i år klarer å få til eit […]

— Vi er svært nøgde med at vi i år klarer å få til eit slikt prosjekt i festivalen vår. Vi har arbeidd for det i fleire år, og støtte frå Norsk Kulturråd er med på å gjere det mogleg. Det blir eit svært spennande prosjekt i regi av Nils Økland, med musikk og musikarar frå Nordsjøområdet, seier festivalsjef Anne Cecilie Berentsen i Vikedal Roots Music Festival.
Den musikalske inspirasjonen i prosjektet skal kome frå Noreg, England, Irland, Skotland og Færøyane, land der mange av artistane i tidlegare festivalar har kome frå.

Ekstra frå Kulturrådet

Eit bestillingsverk av denne type lar seg neppe forsvare kommersielt, og støtte frå Norsk Kulturråd er startsignalet. Festivalen fekk 100.000 frå Kulturrådet i fjor, og Berentsen tar det som ei tillitserklæring og eit kvalitetsstempel at rådet heva støtta til 150.000 i år.
— Vi er blitt ein regional festival, og det er vilje til å satse på kvalitet. Det gir resultat. Økonomiske bidrag er viktig for ein festival i bygde-Noreg der ein ikkje har det same publikumsgrunnlaget som meir sentrale strøk i landet, seier festivalsjefen.
Målet er at eit slikt prosjekt skal bli eit særpreg ved festivalen i åra framover dersom økonomien gir rom for det. Årets bestillingsverk blir presentert om laurdagen i festivalhelga i juli.

Georgia Satellites
Artistbookinga til årets festival er i full gang, og halve programmet er fylt opp. Av to-tre store hovudnamn i festivalen, er det første på plass. Amerikanske Georgia Satellites har stått opp frå 1980-talet med heidundrande country og bluesrock i ein pakke.
I følgje Berentsen er Georgia Satellites det saftigaste livebandet Rootsen har hatt på scenen.
— Megahiten «Keep your hands to your self» er det nok fleire som kjenner igjen når dei høyrer den. Georgia Satellites blir avslutningsband på laurdagen, seier Berentsen.
I fjor brukte festivalen 530.000 kroner på artistar og det blir ikkje billigare i år.

Keltsik og country
Den tradisjonelle avstemminga på publikumsfavoritten blir det truleg ikkje noko av i år av praktiske årsaker. Men festivalen vil prøve på nytt med publikumsfavoritt neste år.
— Vi synst det er kjekt å få hjelp av publikum, og vi har ei lang liste med publikumsforslag som vi arbeider ut frå i år også. Det er ikkje alltid enkelt å få på plass artistar som stiller seg disponible for ei helg for at vi skal kunne gjennomføre ei avstemming, seier Berentsen.
Festivalen har ein countryartist i år, og valet fall få Claudia Scott som er eit sterkt norsk namn i sjangrane country og roots. I den keltiske gata er den danske gruppa Instinkt klar.
— Instinkt er eit typisk rootsband, med moderne musikk i folkemusikk. Du kan samanlikne dei litt med norske Gåte, seier ho.
Berentsen er også glad for å ha fått booka Susanne Sundfør frå Haugesund og Helldorado frå Stavanger på programmet.
Også i år vil Vikedal Roots Music Festival invitere både ungdomsband og Vindafjord kulturskule.
Men programmet er altså berre halvfullt og Anne Cecilie Berentsen lover fleire godbitar før årets festival er i boks med 15-18 artistar på tapetet. Det er tredje året ho er festivalsjef for Rootsen.