Klar for laurdagens finale

— Eg gledar meg veldig til finalen, sa Anders til Grannar i Troms. 14-åringen har […]

— Eg gledar meg veldig til finalen, sa Anders til Grannar i Troms.
14-åringen har vist gryande form i heile år. Ungdomsskuleeleven var spent då han reiste nordover. Først og fremst på om han ville få ut potensialet sitt i sesongens viktigaste stemne. Det klarte han verken i fjor eller året før. Hundseid var då i godt selskap. Flesteparten av dei nesten 4.000 deltakarane, slit nemleg med å oppnå samme poengsum i Landsskyttarstemnet som i andre stemne. Det har heilt klart med nervar og spenningsnivå å gjere. Det voldsamme fokuset er ein medverkande årsak til at mange skot hamnar utanfor blinken. Anders har fått erfare at det ikkje er lett å lykkast.
Godt førebudd
I år har han gjort det uansett finaleresultat. Innsatsen i bane- og feltskytinga er ein indikasjon på at han var ekstra godt førebudd denne gongen. Anders varta også opp med god skyting på felten. 29 treff blei det der. Men det var eitt treff for lite til å få vere med i finalen. Den unge tenåringen har derimot fått klarsignal for samlagsskytinga. Både han og pappa Johannes skal i aksjon for Sunnhordland i morgon. Det faderlege opphavet var først i går i aksjon på banen. Han og femteklassingene fekk stor mediemerksemd. Femteklassingane si skyting blei vist på TV. Gardbrukaren trudde ikkje det skulle påverke prestasjonane hans i Øverbygd.
Stolt pappa
Johannes Hundseid er stolt over det sonen har prestert og er glad på hans vegner over at det har gått så bra. Den lokale toppskyttaren har inga formeining om kva han kan prestere i finalen. Der stiller alle med blanke ark. Det er medalje til dei åtte beste. Anders må varte opp med ein ny kjempeserie for å ha medaljesjanse. Han fokuserer meir på arbeidsoppgåver enn resultat. Det gjorde også stortalentet då han måndag kveld skaut 250 på eit lokalt stemne i Storfjord. Der nytta han høvet til å styrke sjølvtilliten og sikre seg ein ny premie.
Vakker natur
Det byrjar etter kvart å bli mange av dei. På guterommet må det ryddast plass for fleire trofé når han kjem tilbake frå Landsskyttarstemnet. Det er for øvrig ikke berre flotte resultat som har gjort inntrykk på to blad Hundseid i landets nest nordlegaste fylke. Den praktfulle naturen veit også Johannes å verdsette. Han var oppglødd då Grannar prata med han i etterkant av Storfjord-stemnet. Bilturen opp dit ville han på ingen måte ha vore forutan.
— Det er kjekt å vere på Landsskyttarstemnet når vêret er så bra som det er her, sa Hundseid.