I morgon set langrennsløparen og skiskyttaren Andreas Hustveit seg på flyet til St. Moritz i Sveits saman med resten av landslaget. Der ventar eit to vekers høgdeopphald før Paralympics brakar laus i Torino 10. mars. 11. mars går Hustveit sitt første løp i Pragelato, skiskyting langdistanse 12,5 km.
Årets sesong har ikkje gått heilt på skinner for Hustveit, men nå trur han at OL-formen er på veg.
— Eg kom på 3. plass i verdscupen i Val di Fiemme og etter det gjekk det litt dårleg i NM og i noregscuprenn, og heller ikkje så bra i verdscupen på Lillehammer. Men eg har ikkje lagt opp til å vera i form då. Eg hadde masse trening i beina då eg gjekk desse renna. I år er alt konsentrert om OL, seier Hustveit.
Ofte på reisefot
Med Paralympics i sikte har det blitt mykje reising for Hustveit i vinter.
— Torsdag reiste eg til Oslo og var der til søndag. Veka før var eg på Geilo, før det Lillehammer, før det Trysil og før det Kongsberg, så eg er berre heimom. Det har vore utruleg mykje reising i år. Eg trur eg har vore heime to helgar sidan november, med jul kanskje tre-fire helgar, seier Hustveit.
Men jamvel om han stort sett berre har vore innom for så å reisa igjen, får han forståing frå sambuaren Malin Stokka.
— Ho forstår det. Det er så tøft å vera med at viss ein skal vera med, blir det ekstra mykje reising når ein bur slik som dette, seier Hustveit, medan han ser ut på dei snøfrie bakkane i Ølen.
— Det er eit minus ved å bu på denne sida av landet, men eg har vald å reisa masse i staden for å flytta til ein annan plass, seier Hustveit.
Erfaren utøvar
Etter å ha deltatt i Paralympics på Lillehammer, i Nagano og Salt Lake City er det ein erfaren utøvar som reiser ned til Torino. Totalt to gull, to sølv og to bronse har han tidlegare fått med seg tilbake til Ølen.
— Eg er litt rolegare, har meir kontroll og veit meir korleis ting fungerer nå. Eg får eit litt meir avslappa forhold til det, seier Hustveit.
— Kor viktig er Paralympics for deg?
— Det er ganske viktig. Det er det største kvart fjerde år. Det er det store som skjer i handikapidretten, elles er det ikkje så mange som bryr seg, seier Hustveit.
Handikapidretten må finna seg i å leva i skuggen av den ordinære idretten.
— I NM sender ikkje NRK ein gong resultatlistene på skjermen, men til Paralympics sender dei ned eit TV-team på ti mann. Det er den einaste gongen kvart fjerde år at me får mediemerksemd, seier han.
— For meg er det ikkje så viktig, eg er ikkje så glad i å vera i aviser og på tv, men for handikapidretten er det litt synd. Meir mediemerksemd kunne hjelpt på sponsorar og rekrutteringa, seier Hustveit.
Kanskje siste gong
På ti dagar skal seks løp gjennomførast dersom han går alle han er kvalifisert for. To skiskytingsløp, 5 km skøyting, 10 km klassisk, 20 km klassisk og kanskje stafett.
— Eg satsar på å prøva å ta to medaljar, men det kan halda hardt, seier Hustveit.
Både løypene og konkurrentane er harde å hanskast med.
— Løypene der nede passar meg ikkje heilt. Me skal gå litt meir på jordene enn dei gjer nå i OL. Det blir mykje staking og for meg som berre går med ein stav passar det ikkje heilt. Nivået er blitt mykje hardare fordi to klassar er blitt slått saman. Nå går me også saman med dei som har protesar. Det vil seia at det er dobbelt så vanskeleg å bli best, seier Hustveit.
Om det blir fleire Paralympics etter Torino er litt usikkert.
— Eg trur kanskje eg kjem til å satsa til VM neste år, men om det blir fleire OL er nok meir tvilsamt. Eg har ikkje bestemt meg, seier Hustveit, som den første veka får foreldra, broren og sambuaren som heiagjeng i løypene.
Klar for medaljejakt
I morgon set langrennsløparen og skiskyttaren Andreas Hustveit seg på flyet til St. Moritz i […]