Klar for russesprell

«Russklamasjon» med undertittelen, har du lyst har du lov, vekker interesse, og revysjef Monica Stangeland, […]

«Russklamasjon» med undertittelen, har du lyst har du lov, vekker interesse, og revysjef Monica Stangeland, har forklaringa klar.
— Den raude tråden i årets russerevy, er reklame. Difor vart det russklamasjon, fortel ho. Kor mykje reklame det er snakk om, får vi ikkje vite heilt, men det er snakk om noko reklame, både her og der, og særleg i sketsjar.

23 innslag
Årets russerevy har 23 innslag, der sju er songar. Orkesteret er leigd, og det same som var i elden for to år sidan. Og året før det, fortel Monica Stangeland.
— Og orkesteret, er veldig bra, kan ho forsikra om. Det lovar ho revyen blir òg.
Russerevyen har også i år hatt god hjelp av Jan Tore Heggebø når det gjeld instruksjon.
Alle dei 35 elevane som er russ i år, har vore opptekne i forskjellige grupper når det gjeld førebuinga, og når revyen blir framført, skal alle få vise seg på scena i eit eller anna høve, seier revysjefen.

Frå i haust
Det ligg mykje arbeid bak ein revy, og dei siste åra har russerevyane ved Ølen vidaregåande skule hatt høg kvalitet.
— Vi begynte førebuingane med det same skulen starta i haust. Elevane vart delt inn i grupper, og det har vore jobba jamt og trutt. Eg må få skryte litt av skrivegruppa som hadde alt stoff ferdig i januar. Det betyr mykje for revyen at aktørane fekk stoffet så tidleg, seier Monica Stangeland.
Av innslag nemner ho russen sin eigen versjon av «Grisen står og hyler» og «Forelska i lærern».
Russerevyen inneheld også to dansenummer.
Det verkar som det berre er å gle seg til å sjå årets russerevy, som blir vist komande, fredag, søndag og tysdag i Etne samfunnshus.