Klare for fjerde divisjon

5. divisjon avd. 04 Etne-Sveio 2-0 (0-0) 1-0 Sindre Tjelmeland. 2-0 Øyvind Eljarvik Dommar Paul […]

5. divisjon avd. 04
Etne-Sveio 2-0 (0-0)
1-0 Sindre Tjelmeland. 2-0 Øyvind Eljarvik Dommar Paul Kaldheim, Kopervik Eitt gult kort (Etne)
Ca 40 tilskodarar

Første omgang spela Etne under pari. Trenar Martin Moe trur kanskje dei var for mykje prega av stundas alvor. Han var ikkje nøgd med innsatsen, som han omtalar som laber. Rett nok hadde Etne nokre målsjansar, men det hadde også Sveio. Men dei tok ein sikker Etne-keeper, Lars Øvernes, seg av. Dermed stod det 0-0 i protokollen då dommaren bles av for halvspelt kamp. Etter pausen kom Etne tilbake som eit mykje sterkare lag. Det gjekk heller ikkje meir enn eit par minutt før Sindre Tjelmeland etter eit langt innkast frå Kjetil Bjørgen sette ballen i nærmaste stolpe bak Sveio-keeperen. Utover i omgangen hadde Etne eit solid overtak på gjestene, som ikkje spelte seg fram til ein einaste sjanse. Rundt ti minutt før slutt fastsette Øyvind Eljarvik sluttresultatet til 2-0 etter ein stuss frå Johannes Eide. Dermed kunne Etne-spelarane jublande gå av banen med kontrakt for 4. divisjon frå neste sesong.
Trenar Martin Moe er stolt over spelarane sine og fortel at dei har spelt ein fantastisk haustsesong.
— Sidan 0-3-tapet mot Skjoldar i midten av juni har laget plukka poeng med to uavgjorte kampar og ni sigrar, seier Moe.
Etne har mange unge spelarar, men slik det ser ut nå er det berre tre som forlet klubben
— Lars Øvernes, Sindre Tjelmeland og Eivind Aastvedt er byrja på fotballinja ved Holgersen vgs i Haugesund, og skal då spela for FKH. Men dei andre trur eg blir verande, seier Moe. Han skryt over det gode miljøet og den store innsatsviljen spelarane har vist.
— Det er stort for dei å få oppleva opprykk. Og med tanke på at laget i fjor låg sist på tabellen ved sesongslutt, er det ein fantastisk jobb dei har gjort, seier Moe. Men han stikk ikkje under ein stol at det blir tøffare å spela i 4. divisjon og at det vil bli stilt større krav til haldning og treningsvilje.
— Spelarane må vera villige til å ofra litt for fotballen, seier han. Sjølv trur han ikkje han blir med som trenar.
— Eg har trena Etne dei siste fire åra, så andre bør overta nå, seier han.
Men før han gir seg gjenstår siste seriekamp mot Stegaberg borte neste søndag. Deretter er det kamp om KM mot eit lag i sørfylket.