— Så forsiktig hadde eg neppe vore om det var valkamp, seier ordførar Arne Bergsvåg med redningsgrep rundt den tidlegare ordførarutfordraren Rune Hetland.
Men det gjekk ganske fredeleg for seg i bassenget ved Ølen skule under kyndige instruksar frå rektor, og svømmar, Tor Kalleklev.
— Dei har tatt innføringa på strak arm, så eg er ikkje i tvil om at dei blir kompetente badevakter. Vi har hatt litt teori også sidan badevakter ikkje berre skal redde, men også førebyggje skader som kan oppstå ved fall og stup til dømes, forklarer Kalleklev.
Romjul ved bassenget
Bergsvåg kom på ideen etter all medieomtale om at Vindafjordhallen og badehallen i Tysvær er stengde. Når så bassenget i Ølen likevel står der oppvarma, så kvifor ikkje invitere til romjulsbad. Og nær for hand stod formannskapet som potensielle badevakter, og dei var lutter positive til å spandere ettermiddagar i romjula langs bassengkanten.
— Dette var sporty, all ære for det, meiner Kalleklev.
Romjulbadet blir frå tysdag til torsdag frå klokka 16.00 og tre timar ut over ettermiddagen. Alle er velkomne anten dei er unge eller eldre.
— Vi bryr oss verken om partifarge eller kva kommune ein er frå. Alle er like velkomne, forklarer varaordførar Peder Lothe.
Ut av godstolen
Delar av formannskapet har fått trimma seg litt i bassenget under kurset, men i romjula skal dei halde seg ved bassengkanten. Litt julepynt og noko å bite i er under planlegging.
— Det er god folkehelse å få folk ut av godstolen mellom pinnekjøt og ribbe. Artig er det også, meiner Bergsvåg.
Rune Hetland har overbevist med at han var gymlærar for 25 år sidan, men han fann det likevel tryggast å friske opp igjen kunnskapane. I tillegg til den mannlege fløya i formannskapet, skal også politikarane Hilde Pedersen og Gerd Kvamme trø til. Men dei trong ikkje repetisjon sidan dei har vore badevakter før.
Varig tilbod
I tillegg til at formannskapet gjerne vil vere med å skape litt trivsel i romjula, som heller ikkje kostar noko for den slukne kassa dei elles strevar med – har dei også ein baktanke som går litt lengre. Det er fire-fem år sidan det har vore offentleg bading i bassenget i Ølen, og no vil dei sjekke om det er interesse for å bruke bassenget med faste opningstider.
— Dei som har lyst til at det skal vere bading i bassenget om ettermiddagen etter nyttår, får kjenne si besøkingstid. Vi får seie at formannskapet si godkjenning som badevakter går ut ved årsskiftet, så etterpå får andre ta over dersom bassenget skal vere ope, seier Bergsvåg.
Tanken er at lag og organisasjonar kan ta over denne drifta på kveldstid, og få inngangspengane for jobben. Peder Lothe har gode forhåpningar om at Ølen badelag kjem på beina i løpet av kort tid.
Men i romjula er formannskapet si oppfordring: Hopp i bassenget!