Etter at 25 mann har stått på i eitt år på å byggja opp anlegget, var onsdag ettermiddag sett av til feiring og skryting.
— I Nordsjøen står det 400 installasjonar som skal vekk dei neste 20-30 åra. Dersom me får helvta inn her, så er det bra, meinte avdelingsdirektør Robert Haugen og administrerande direktør Morten Midtskog.
Førebels er Conoco Phillips den einaste kunden dei har. Fjerninga og rivinga av deira plattform 2/4 på Ekofisk, er til gjengjeld eit pionerprosjekt, med ein teknologi som aldri har vore brukt før.
Ved å ha eit topp moderne anlegg på plass når skrotingsarbeidet av Nordsjøinstallasjonane er i oppstartsfasen, reknar AF Decom som god strategi med tanke på å få tilslag på andre riveoppdrag i åra som kjem.
Viktig del av verdikjeda
Ein energisk oljestatsråd og ein tilfreds Vindafjord-ordførar stod i fremste rekkje blant gratulantane.
— Det har vist seg at det har lønt seg å ha litt is i magen, og venta på at den rette bedrifta kom. Vindafjord kommune ville venta på at ei bedrift som satsar på kvalitet ville etablera seg på Raunes, sa ordførar Reidar Håvås.
— Vats har tradisjonar innan oljeindustrien. Både Statfjord, Gullfaks og Troll-plattformen har vore innom og fått vesentlege deler her, sa statsråd Widvey. Ho la til at deponeringa av utransjerte installasjonar er ein viktig del av verdikjeda, sjølv om det oftast er mest fokus på å byggja nytt.
— Fjerning og opphogging er krevjande oppgåver. Samstundes skal det løysast kostnadseffektivt. I sum vert det stilt svært store faglege krav. Eg gler meg til å følgja med på utviklinga her i Vats, sa statsråden frå Karmøy, som poengterte at ho er stolt over å vera vestlending og rogalending.
— Det er opplagde synergiar mellom den maritime industrien og petroleumsindustrien. Rogaland har den høgaste verdiskapinga og sysselsettinga i heile landet når det gjeld oljeindustri, sa Widvey, som alltid synest det er kjekt å «komma him».
Tryggleik i høgsetet
Etter at statsråden hadde klypt av stålbjelken for å markera opninga av anlegget, fekk dei mange frammøtte ein demonstrasjon på kor raskt og effektivt fjorden kan stengjast av med oljelenser dersom det skulle skje ein lekkasje. Dette er berre eitt av ei rekkje tryggingstiltak mot oljesøl frå mottaksanlegget på Raunes.