Klart for utbygging

Haugaland Kraft AS fekk i statsråd fredag løyve til bygging av Rødne kraftverk i Rødneelva […]

Haugaland Kraft AS fekk i statsråd fredag løyve til bygging av Rødne kraftverk i Rødneelva i Sandeid. Småkraftverket vil utnytte vassdraget utan å etablere reguleringsmagasin. Den årlege middelproduksjonen vil vere om lag 36 GWh.
Anleggsarbeidet vil i følgje prosjektleiar i Haugaland Kraft, Bjørn Sæle, starte like over nyttår.
— Det er ein del småting som må vere på plass før alt er formelt i orden, blant anna eit styrevedtak i Haugaland Kraft. Men det skal vere eit telefonmøte i dag der ting vil falle på plass, seier han.

Veidekke
Det er Veidekke si avdeling i Haugesund som skal ha entreprisen. Det første som vil bli gjort er å byggje vegar og tilretteleggje riggområdet.
Sæle reknar med at opp til 25 mann vil vere i aktivitet komande år.
— Det vil bli ein god aktivitet i heile år 2005. Det bygningstekniske utvendig håper vi å vere ferdige med til på denne tid neste år, seier han.

Nøgd grunneigar
Lars Olav Larsen på Rødne lille, som eig eigedomen det meste av anleggsarbeidet vil gå føre seg på, og der kraftstasjonen skal liggje, meiner utbygginga vil føre til ein verdiauke på garden. Blant anna vil det bli bygd ein to kilometer lang bomveg frå Rødne til Holsnevad, litt nydyrking vil også følgje i kjølvatnet av utbygginga, seier han.
Men i alt fem bruk på Rødne er involverte. På desse vil dammen liggje i eit felleseige ved Holsnevad.

Sikra fallrettane
Det var alt i 1914 Haugaland Kraft sikra seg fallrettane i Rødneelva. Elva kjem frå Furevatnet i Etne kommune, startar der som Furevasselva, men på turen ned frå fjellet og inn i Vindafjord, skjer eit namnebyte til Rødneelva.
Det har vore få prostestar til denne utbygginga, men skepsisen til kva som ville skje med laksestamma i elva førde til at det vart utarbeidd ein rapport om fiske. Denne slår fast at laksestamma blir behalde også etter ei utbygging.