Klimagass

EU skal innan 2020 redusera klimagassutsleppa med 20 prosent, og Bjørnøy garanterte at våre utslepp […]

EU skal innan 2020 redusera klimagassutsleppa med 20 prosent, og Bjørnøy garanterte at våre utslepp skal ned minst like mykje. Ifølgje Aftenposten i går skal miljøvernministeren no ha fått refs av Jens Stoltenberg for å ha vore for rask på avtrekkaren. Statsministeren likar naturleg nok ikkje at ein minister forskotterar Regjeringa sin politikk utan at det har vore drøfta og klarert på førehand. På si side treng nok ein pressa miljøvernminister – som det var stilt store forventningar til på førehand – å få vist at ho er handlekraftig i miljøspørsmål. Då har ein ikkje tid til å venta på at Regjeringa kanskje skal bruka fleire månadar på å fastsetje måla.

Men situasjonen for Stoltenberg vert ikkje betre av at kommunal- og regionalminister Åslaug Haga same dag som refsen vart kjent, gjentok Bjørnøy sine garantiar på NRK. Å vera dårlegare enn EU er ikkje noko SP-generalen likar. Jens Stoltenberg likar nok enda mindre at Haga gjekk ut som ho gjorde. Det ligg altså an til ein intern oppvask. At statsrådar spreier om seg med lovnadar utan at dei er klarerte på førehand, er då heller ikkje vanleg. Av den grunn er det forståeleg at statsministeren reagerar. Det han minst av alt treng no, er eit inntrykk av ei samlingsregjering som ikkje styrer samla.

Slik situasjonen er blitt bør Regjeringa snarast avklara kva mål dei har for klimagassutsleppa. I dag er det Kyoto-avtalen som er den offisielle politikken, men den klarar Noreg neppe å oppfylla til 2012. Likevel er Noreg i ein unik posisjon til å få ein kraftig reduksjon i klimagassutsleppa fram mot 2020 – dersom ein vil. Men arbeidet må starta no. Det viktigaste bidraget Regjeringa kan komma med, er å løyva nok pengar til å få på plass reinsing av gasskraftverk og kolkraftverk. I dag er det til dømes mykje å henta på CO2-utslepp dersom Noreg klarar å elektrifisera oljeinstallasjonar til havs. Med nok kraftproduksjon frå reinsa kol- og gasskraftverk langs kysten, kan Noreg klarar det. Då kan ein også kutta utsleppa meir enn EU-målet.