Klokketilbod og fin musikk

Ølen senter inviterte laurdag til ei stor feiring av tre års jubileet sitt. Alle butikkane […]

Ølen senter inviterte laurdag til ei stor feiring av tre års jubileet sitt. Alle butikkane hadde slått seg saman om ein gratis frukost til handlande og dette var det mange som kom for å nyte. Ølensbuen strøymde på for å få seg ein kopp kaffi og litt mat, og praten sat laust. Dette var fyrste gong det vart servert frukost, men med så god oppslutnad blir det nok ikkje den siste. Rett etter frukosten var det klart for klokketilbod. Leiaren i senterforeininga, Jimmy Næs, annonserte i roperten sin kvar tilboda fann stad.
Tilbod
Kvart kvarter var det ein ny butikk som hadde ei vare på super tilbod. Det var eit variert utval folk kunne få for ein billeg penge, alt frå fleecejakker og morgonkåper til limpistolar og smultringar. Det var nok mange farsdagspresangar og julegåver som vart kjøpt på eit av desse supertilboda. Matvarebutikken Mega satsa på laurdagskosen og hadde knalltilbod på cola og pizza heile dagen. Også i år hadde Ølen Husflidslag fått låne eit lokale gratis hos senteret i førjulstida. Der kunne ein få kjøpt det meste av handarbeidsting som strikka klær, treting, porselen og dukkekler. Den vesle butikken var svært så populær og hadde ein jamn straum av kundar heile dagen.
Høgdepunkt
Då klokka nærma seg eitt samla det seg folk utanfor Geirs Godbakst og då Matpackers byrja å spele kom det stadig nye tilskodarar. Kaptein Sveinung Bjelland og resten av Matpackers gav dei frammøtte det dei ville ha med ein strålande unplugged konsert. Ein kunne òg få kjøpt Matpackers-effektar som t-shirt og cd og det muntre folkrockbandet frå Sandeid tok seg tid til å snakke med fans og skrive autografar. Dette var ei fin avrunding på den offisielle delen av jubileet, men folk kunne nyte dei gode tilboda vidare og butikkane var svært nøgde med dagens sal og den store oppslutnaden til lokalbefolkningen.