— Den sat, smilte LS-kometen, før han tok imot gratulasjonar frå skyttarvener og mamma Bente. Og på mobilen venta ein spent og aldri så lite stolt pappa Amund.
— Dette var langt i overkant av kva eg kunne våga å håpa på. Har aldri vore i nærleiken av eit liknande resultat, sa Enge, etter 247 poeng innleiingsvis hadde vorte til 347 etter prikkfri finaleskyting. Med det skaut han opp til ein 14. plass, og var berre eitt poeng frå meisterskapsmedalje. Slik går det når ein persar seg med mange, mange poeng på årets viktigaste og desidert største stemne.
Søkk våt
I skuggen var det 27 grader, men like fullt opna himmelen seg over skyttarane som skulle gjennom ei frå før svært så krevjande feltløype. Og midt i regnskyllet hamna Johannes Hundseid. Like fullt klarte han 28 av 30 treff, endå han fleire gonger under skytinga måtte blåsa vatn ut av sikte.
— Det var ei feltløype som skapt for meg. Ukurante vinklar og lange hald. Men eg har ikkje lov til å vera skuffa etter eit slikt resultat. I mitt lag var det mange andre veldig dyktige skyttarar som sleit endå meir. Eg fekk det beste resultatet i laget, seier den røynde skyttaren frå Etne.
Det fortel ganske mykje. Kor vidt resultatet held til finaleskyting er i skrivande stund noko usikkert. Men skulle det skje, vil Hundseid vera i sin fjerde LS-feltfinale på rad.
— Kilte seg
Sonen Anders har stort sett ikkje gjort anna enn å skyta fullt hus på både felt og bane dei siste månadane. I Sandnes har han gått på ein skikkeleg smell.
— Ja, dette har vore ei veldig tung veke for meg. Skaut meg vekk på felten, og i banefinalen fekk eg berre ut tre skot før den fjerde hylsa kilte seg fast, og eg måtte rett og slett gje meg, sukkar den noko uheldige rekrutten.
— Men eg kjem sterkare att, forsikrar Hundseid junior.
Er ute
I måndagsavisa skreiv vi at Vår Herre sjølv omtrent måtte ta turen ned og fyra av nokre seriar, om ikkje Roar Knudsen frå Skånevik skulle koma til finalen i felthurtigskyting. Men det usannsynlege har skjedd: 8,88 sekundar er i skrivande stund fire hundredeler for dårleg til fjernsynssendt finale på fredag. Bitrare blir det knapt.
Ein annan rask kar frå distriktet er Kenneth Østebøvik frå Ølen. Han hamna ytterlegare fire hundredeler bak Knudsen.
På det jamne
Erlend H. Vikedal skaut 249 av 250 poeng på baneskytinga i klasse eldre rekrutt. Det held til finaleskyting på fredag. Medan Knut Trovåg frå Ølen skyttarlag klarte 27 treff på feltrunden i klasse V73. På bana skaut klubbkamerat Olaf Øvrevik 248 poeng på dei første 25 skota sine i den same klassa. Og skyt med det finale seinare i veka. For andre resultat viser vi til nettadressa: http://www.dfs.no
Knalldebut for Gisle Enge
— Den sat, smilte LS-kometen, før han tok imot gratulasjonar frå skyttarvener og mamma Bente. […]