Kniva i sekundstrid

STEINKJER: Det skulle fortelje det meste om kor jamt det var i det klassiske rennet. […]

STEINKJER: Det skulle fortelje det meste om kor jamt det var i det klassiske rennet. Bjørnar Larsen følgde opp den flotte innsatsen frå fristilrennet. Han fekk oppløftande sekunderingar og gav alt. Det var ein tilfreds Sandeid-gut vi prata med etter rennet. Larsen brukte ikkje så mykje energi på at det var tett som hagl framfor han på resultatlista. Med åtte sekundar større marsjfart hadde det faktisk blitt bronsemedalje. 18-åringen var før start klar over at det kom til å bli sekundstrid.
— Eg visste det ville bli jamt. Det brukar å vere det på så korte distansar som dette, fortel han.
Resultatlista viste at det ikkje var meir enn 45 sekundar frem til Petter Northug. Det er oppløftande sidan han nyleg kom heim frå junior-VM med fire gull.

Godt an
— Eg følte eg gjekk eit bra løp. Det tel like mye som gode plasseringar, seier den formsterke skigymnasiasten.
Bjørnar Larsen har førebudd seg godt til junior-NM og dei resterande renna. Han la inn ein treningsperiode i etterkant av noregscuprenna i Stokke. Det med tanke på å vere best mogleg førebudd til dei viktigaste renna. På den andre individuelle distansen var det berre to av 18-åringane som heldt større fart. Dermed ligg Larsen bra an i forhold til landslagsuttaket. Dei tre beste 18-åringane i noregscupen vil få plass på neste års juniorlandslag. For det lokale langrennsesset er det eit mål å komme med der.

God form
Han gjorde også sine saker bra på opningsdistansen i klassisk. Sjuendeplass vart det på Bjørnar Larsen som har greidd å prikke inn toppforma til rett tid. Det var berre to av 18-åringene som heldt større fart. Erik Sæves og Eirik Kurland Olsen var begge med på å bli juniorverdsmeistarar i stafett for to veker sidan.