— No held me på å gjera ferdig eit knuseverk som skal sendast til Island i slutten av august. Det er eit veldig spennande prosjekt som alle avdelingane våre har vore med på å framstilla. Kor mykje kontrakten er verdt, kan eg ikkje seia på grunn av avtale med kunden, men eg kan røpa at det er eit tosifra millionbeløp, seier dagleg leiar ved SMV, Lars Hovda.
Behov for meir folk
— Alle har stått skikkeleg på for å få i hamn dette prosjektet, og det er me veldig glade for, seier Hovda.
Ringverknadane av den høge aktiviteten ved SMV, gjer at det også vert gode tider for andre industribedrifter i nærområdet.
— Ein av dei viktigaste underleverandørane våre er Maritime Contracting Etne AS, legg han til.
SMV har stort behov for fleire tilsette, men slit med å finna kvalifisert personell. Til knuseverkprosjektet har dei måtta henta inn seks arbeidarar frå Estland; tre mekanikarar og tre elektrikarar.
— Me har eit skrikande behov for folk på alle felt. Me treng minst ein ingeniør og fire maskinarbeidarar. Men det er svært vanskeleg å få tak i dei rette folka, seier Lars Hovda.
Hard konkurranse
SMV har tøff konkurranse frå to firma som er langt større enn skåneviksbedrifta når dei kjempar om kontraktane i marknaden. Likevel kjem kontraktane som perler på ei snor.
— Kontrakten om knuseverket vann me på grunn av at dei likte ekstra godt eit par av løysingane som me presenterte. Ein annan viktig faktor var presentasjonen me hadde i Canada. Trond Østrem, som jobbar som prosjektingeniør hos oss, hadde laga ein teiknefilm som presenterte alle prosessane til knuseverket. Dette var noko som imponerte kunden. Dei hadde aldri sett ein slik presentasjon før, seier Hovda.
Prosjektleiar Martin Fitje fortel at dei fekk kontrakten i oktober og at arbeidet starta for fullt rundt årsskiftet.
— Me ligg godt an, og eg trur det skal gå rimeleg greitt å levera prosjektet i slutten av august, seier han.
For å få opp interessa for faget, har SMV mellom anna eit tett samarbeid med Skånevik skule. I faget Teknikk og design støttar dei skulen med nyttig materiell. Eit anna tiltak for å få opp rekrutteringa, er å tilby ungdom utdanningsstipend.
— Kravet me stiller er at ungdommane kjem frå vårt distrikt, og at dei interesserer seg for tekniske og/eller mekaniske fag. Dei to som får utdanningsstipend får 10 000 kroner kvar, seier Lars Hovda.
Årets vinnarar har begge sommarjobb på SMV, og kjem frå Skånevik.
Oddvar Larsen og Kjetil Winterthun skryt av arbeidsgivaren sin.
— Sjølv om eg er ung, blir eg behandla som ein ekte arbeidar. Eg trivest veldig godt, og ser ikkje vekk frå at eg kjem til hamne her i framtida, seier Oddvar Larsen, som skal byrja på arbeidsmaskinstudiet på Bryne til hausten.
— Eg har jobba her om sommaren dei siste to – tre åra, og trivest veldig godt. Etter alt å dømma kjem eg til å jobba her i framtida, seier Kjetil Winterthun, som skal til Bømlo for å gå på elektromekanisk til hausten.
Christian Håland frå Etne er ein av dei som har teke heile løpet i karrieren sin ved SMV. I dag jobbar han som prosjektingeniør, og er ein av dei som har vore mest involvert i knuseverkprosjektet. Også han skryt av arbeidsplassen sin.
— Det er ein veldig spennande jobb. Det er ikkje mange stader det skjer så mykje innan teknologi og utvikling som her, seier han.
Lys framtid
Den store aktiviteten ved bedrifta, stoppar ikkje opp sjølv om knuseverket snart er ferdigprodusert.
— Per i dag har me fullt opp med arbeid ut året, og det ser ut til å bli gode tider også dei neste åra, seier Hovda.
Firmaet på Leknestangen i Skånevik leverer halvparten av det dei produserer til utlandet.
— Eksportandelen i 2006 er på 50 prosent. Me har mellom anna levert til smelteverk i både Slovakia, Bahrain og Oman. Snart byrjar Hydro si utbygging i Qatar, og då vert det nok litt arbeid på oss også. Innanlands har me levert mykje til Sunndalsøra og Søral på Husnes, seier Hovda.
Minikraftverk
— No som straumprisane har gått opp, har interessa rundt minikraftverk eksplodert. I år kjem me til å levera 14 minikraftverk. Til samanlikning leverte me seks kraftverk i 2005, og tre kraftverk i 2004. Eg trur me kjem til å oppretta ei eiga kraftverkavdeling under SMV dersom denne trenden held fram, seier ein optimistisk Lars Hovda.