Knuste rute

Natt til søndag vart ei rute i eit hus knust i Ølen. Politiet fekk melding […]

Natt til søndag vart ei rute i eit hus knust i Ølen. Politiet fekk melding klokka 00.55 om at ein ungdomsgjeng på veg mot Ølen sentrum hadde kasta inn ein stein gjennom stoveglaset.
— Slikt er ikkje kjekt å bli utsett for, og det kan vera svært alvorleg for dei som opplever det. Politiet vil gjerne ha tips dersom nokon har sett dette, og eg oppfordrar gjerningspersonane til sjølve å melda seg hjå lensmannen, seier operasjonsleiar Rune Hollekim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.