Kø etter lopper

Det var kø ved inngangsdøra då Magnhild Hustveit opna dørene til loppemarknaden laurdag føremiddag. Hustveit […]

Det var kø ved inngangsdøra då Magnhild Hustveit opna dørene til loppemarknaden laurdag føremiddag. Hustveit og barnebarnet Bjørnar Wannberg stod i spissen for loppemarknaden der inntektene går til eit godt formål. Men heile familien med tre barn og 11 barnebarn har vore engasjerte i loppeinnsatsen.
— Målet med loppemarknaden er å skaffe inntekter til eit godt formål, og vi kom til at Leger uten grenser gjer ein god jobb der pengane kan kome til nytte, fortel Hustveit.

Jakt etter lopper
Det var ikkje enkelt å få eit ord med Hustveit i trengselen der mange stod i kø for å betale eller få ein liten prat. Det var fleire som gjerne ville seie at dei synst det var eit fint tiltak.
Hyllemeter på hyllemeter var fylt opp med lopper, og smått og stort stod spreidd ut over det romslege næringsbygget Hustveit hadde lånt av Kalstveit & Vik. Det var eit jamt sig av loppeinteresserte som tok ein kikk og gjorde ein rimeleg handel.
— Eg var ute etter ein skjenk til å ha ein vask i. Vi skal byggje hus. Men det vart ikkje napp. Det er flott med loppemarknad der ting som elles ville bli kasta, kan kome til nytte, seier Astrid Egge som hadde tatt turen frå Skjoldastraumen saman med ei venninne.
Egge synst det er triveleg å myse rundt på loppemarknader, og denne gongen kom ho heim med ei lysekrone og ein del gamle rammer. Ho hadde fått med seg at inntektene skal gå til Leger uten grenser, og ho synst det er prisverdig.

Familien engasjert
Det er to år sidan dei byrja å sysle med tanken på loppemarknad. Heile familien har vore involvert, men det er særleg Bjørnar Wannberg (15) og bestemor Magnhild som har stått i spissen.
— Det vart ganske fullt etter kvart, både i kjellar og loft, løe og reidskapshus. Eg hadde ikkje drøymt om at det skulle bli så mange lopper. No var tida inne, fortel Magnhild Hustveit.
— Det har vore litt arbeid med det, men veldig kjekt. Spesielt i dag når vi ser kor mange som kjem. Å kunne gi til eit kjempebra formål er viktig, seier Bjørnar Wannberg.
Klar til å vurdere eit bod på ei digital spelemaskin av den litt eldre typen. Jo, han kan forsikre om at den fungerer.

Ny marknad
Finteljinga var ikkje heilt ferdig, men marknaden gav i alle fall 10.000 kroner til Leger uten grenser. Og med låge prisar, er det ikkje få lopper som fekk bein å gå på.
— Vi fekk utruleg god respons frå folk som var her. Fleire sa dei gjerne skulle ha gitt lopper dersom dei hadde fått vite om tiltaket før. Med det vi har igjen, og det vi kan få inn, har vi alt bestemt oss for å ha ein ny loppemarknad i januar, seier Magnhild Hustveit.
Kalstveit & Vik har alt gitt klarsignal til at dei kan få låne bygningen dersom den ikkje er blitt leigd ut i mellomtida. Og loppene som var til overs, får dei lagre i ein rubbhall. Alle i familien var innstilte på å breitte opp ermene til ei ny økt om nokre månader.