Kokar for medalje

Dei to kvalifiserte seg til konkurransen på Stavanger Forum ved å gå til topps i […]

Dei to kvalifiserte seg til konkurransen på Stavanger Forum ved å gå til topps i uttakinga for kokkelauget i Vestfold, der det var ti deltakarlag.
Noregscupen går av stabelen på Buffet 2007, som er landets største bransjemesse for matvareindustrien. 20 regionale vinnarar frå kokkelaug landet rundt kokte og breste i semifinalane onsdag og torsdag. Vestfold-duoen Aarekol og Løvold var blant dei seks laga som torsdag kveld fekk beskjed om at dei skal vera med og kjempa om vandrepokalen og om gull-, sølv- og bronsemedaljane i finalen fredag ettermiddag.