Kokk in spe med suksess

Direkte på NRK Sørlandssendinga vart Cato André Aarekol frå Vikedal utropt som vinnar av årets […]

Direkte på NRK Sørlandssendinga vart Cato André Aarekol frå Vikedal utropt som vinnar av årets TineKOKKurranse.
— Dette er ein landsomfattande konkurranse som Tine arrangerer kvart år for elevane på vidaregåande skular, forklarer Cato André Aarekol, som er elev på VK1-kokk ved Tangen vidaregåande skule i Kristiansand.
Oppgåva som elevane fekk i år var å komponere fem smårettar, og ein enkel dessert til to personar. Det var krav om at rømme, brunost og ridderost skulle vere med som ingrediensar i ein eller fleire av rettane.
— Saman med Dana Thi Nguyen laga eg mellom anna ein rekecabaret, tørka elgkjøt med grasløkkompott og homlesild med grasløktarin.
Det at juryen hadde valt Cato André og Dana som vinnarar av årets konkurranse, visste dei ingenting om då NRK Sørlandssendinga dukka opp på skulen sist onsdag, og direkte på TV kunne dei motta utmerkinga frå Tine.
Over nyttår blir det tur til kokke-VM i Lyon i Frankrike.
— Det blir spennande, og spesielt gler eg meg til besøket på restauranten til den verdskjente kokken Paul Bocause.