Fotball, 5 div, menn, avd 04.
Etne – Haugar 4-0 (2-0)
1-0 Ove Straumsøy (36. min)
2-0 Øyvind Eljarvik (44. min)
3-0 Sindre Andre Ekornrud (81 min)
4-0 Sindre Andre Ekornrud (90 min)
Om lag 20 tilskodarar. Dommar: Terje Holm, Djerv 1919.
Ingen gule kort
For to veker sidan spela Etne mot Sveio, og der vann dei 3-0. Godt spel på fredag viser at dei har noko på gong, og ligg i dag på ein fjerdeplass på tabellen. Etne hadde fredag fått tilbake nokon gode spelarar og stilte dermed endå sterkare enn forrige kamp. Det vart ei jamn opning på Etne stadion, men Etne var laget som førte kampen. Det vart fleire sjansar, og ein rask og teknisk god Jørgen Øyjord på midtbanen la opp til farlige angrep.
Etter 36. minutt kom kveldens første mål, etter ein tabbe frå målvakta til Haugar. Ove Straumsøy skaut knallhardt frå kring tretti meter, og keeper slapp nesten ballen i mål i mottaket. Med godt spel framover og pasningar som skapar store målsjansar, var Ove Straumsøy ein av banens beste spelarar. Rett før første omgangen slutta var det nettopp Straumsøy som la opp angrepet og sende ein perfekt pasning som Øyvind Eljarvik kunne setje i mål.
Punkterte kampen
Då andre omgang starta var Haugar meir aggressive, men datt bakpå etter kvart s(43) arbeider nå som kundeansvarleg for næringskundar i Etne Sparebank. Denne stillinga har han hatt i elleve år. Kolås, som opphaveleg kjem frå Ulvik i Hardanger, arbeidde også i Etne Sparebank frå 1985 til 1987, og deretter arbeidde han i ni år i Ølen kommune.