Kom som eit sjokk

Naboen til ekteparet Egge og Herheim i Isvik hageby fekk så mykje vatn i kjellaren […]

Naboen til ekteparet Egge og Herheim i Isvik hageby fekk så mykje vatn i kjellaren at dei måtte opne opp vindauga for å sleppe vatnet ut. Rundt 20 hus vart ramma av flaumen i Skjold natt til i går. Felles for alle er store skadar i kjellarar og hagar.
Isvik hageby var hardast ramma, men også Skjoldalifeltet og Isvikfeltet fekk hard medfart i flaumen.
Bil og kjellar
— Han gjekk ut for å grave grøft, men kom ikkje inn igjen. Så ropte han inn at no bryt helvetet laus. Eg trudde ikkje mine eigne auge, og forstår nesten ikkje at det kan skje så fort, fortel Monica Herheim om det som skjedde rett etter klokka tre natt til i går.
— Alt i kjellaren er skadd av vatnet. Kvitevarer, møbler og musikkutstyr i tillegg til sjølve huset, seier Odd Erik Egge.
Saman med leigetakar Heine Maurangsnes var dei i full gang med å bere ut av huset i går føremiddag.
— Datamaskin, fjernsyn og møbler. Vatnet gjer mykje skade, seier Maurangsnes.
Han hadde bilen sin i garasjen på nedsida av huset, og den vart også full i vatn. Han reknar med at forsikringa vil dekkje skadane på bilen.
Aldri sett maken
Rundt ti av naboane er ramma av flaumen på ein eller annan måte. Forsikringsselskapa hadde sendt ut servicebilar for å assistere huseigarane i Isvik. Egge og Herheim venta på forsikringsagenten.
— Eg har aldri sett maken, og håpar eg ikkje opplever noko slikt igjen, seier Monica Herheim.
I nabohuset er Asbjørn Isaksen og Randi Søvik i full gang med å bere utstyr frå kjellaren og inn i garasjen. Heile oppkjørsla ser ut som eit krater.
Fossa ned
— Vi var heldige og fekk ikkje så mykje vatn inn som andre. No er byggtørke på veg. Vi får god hjelp, seier Randi Søvik.
Det var sonen Mads som høyrde torever og ville dra kontakten ut av datamaskinen, som vekte foreldra.
— Det fossa ned frå naboeigedommen. Eg var redd for at campingvogna skulle gå med flaumen. Det såg verst ut for den, fortel Randi Søvik.
Ingen av dei Grannar var i kontakt med i Isvik hageby i går har opplevd at naturkreftene har løpt løpsk på denne måten.