Det er lettvint å skulda på andre når ting går gale, men vil dei gjera det, må dei ha fakta som byggjer opp under påstandane. I dette tilfellet har dei ikkje det. Tvert imot, når det gjeld å oppretta tilsvarande tilbod, er det Rogaland fylke som har sørga for den situasjonen.
I Grannar er saka snudd heilt på hovudet: lesarane får inntrykk av at skulen i Etne har oppretta ei utdanning som Ølen hadde frå før, i røynda var det Ølen som oppretta eit tilbod som fanst i Etne frå før.
Før reformen hadde Etne vidaregåande tilbod om Formgjeving. Det gamle formgjevingskurset blei i Kunnskapsløftet delt i to nye utdanningstilbod:
Design og handverk (ei yrkesretta utdanning over to år)
Formgjeving (ei studiespesialiserande utdanning over tre år)
Etter konsultasjonar på høgt nivå blei det slik at Ølen skulle få Formgjevingsutdanninga. Dette meinte ein var naturleg, sidan det alt var studiespesialisering i Ølen. Etne skulle tilby det yrkesfaglege utdanningsprogrammet Design og handverk. Det synte seg snart at elevane valde vekk Formgjeving, til fordel for Design og handverk; dette var tendensen i Hordaland òg. Det var då Rogaland valde å oppretta Design og handverk i Ølen, til tross for at Etne vgs hadde hatt dette tilbodet heilt frå starten av reformen.
Lat meg få seia at eg har eit sterkt ønske om eit godt samarbeid med skulen i Ølen. Eg føler at me får det til òg, på vårt nivå. Det me ikkje treng, er umerkte skjer i sjøen, i form av ei lokalavis som sår splid mellom skulane og sprer feilinformasjon.
Det er eit TV-program som reklamerer med at dei er den einaste nyhendekanalen som ikkje sjekkar fakta. Det verkar nå som Grannar tek opp konkurransen med Rikets Røst.
mvh Arild Stenberg