Kommentar til Terje Grønstad

Men når han går ut og seier at det er trist at kommunen vil legge […]

Men når han går ut og seier at det er trist at kommunen vil legge ned Rygg barnehage, spesielt sidan kommunen subsidierer den private barnehagen på Grønstad så sterkt, då måtte eg lura. Kva subsidier har me motteke som ikkje eg veit om? Ikkje ei krone har barnehagen vår motteke frå kommunen sin kasse. Me mottok nokre skjønnsmidlar januar 2005. Og skjønnsmidlar er eit statleg øyremerka tilskot til kommunen, som skal brukast til drift av barnehagar. Skjønnsmidlane skal bidra til å kompensera for kommunens netto meirutgifter knytt til innføring av maksimalpris, plikta til økonomisk likeverdig behandling og til drift av nye barnehageplassar. Føremålet med midlane er å kompensere kommunane slik at staten i gjennomsnitt dekker dei offentlege kostnadane ved nye plasser. Det var slike midlar kommunen hadde til overs, då eg søkte dei om eit kommunalt tilskot, men me fekk då altså statlege pengar, slik som og dei kommunale barnehagane får.
Eg søkte igjen våren 2005 om kommunalt tilskot, då det låg føringar om at kommunen skulle likebehandla dei private barnehagane med inntil 85 prosent av det dei kommunale barnehagane får. Men saksbehandlar kom fram til ved hjelp av eit reknestykke at Småfolk ikkje skulle få ei krone i kommunalt tilskot.
Frå 1. august 2005 har kommunane plikt til å «likebehandla» dei private barnehagane med 85% av det dei kommunale får. Ein kan vel ikkje kalle det likebehandling når det er 85 prosent, men er sjølvsagt eit positivt steg i rett retning. Eg sende då i august inn ein ny søknad, men den er ikkje behandla enda, sidan kommunen har vore oppteken med budsjettprosessen, noko som eg har full forståing for.
Så kva var det Terje meinte her? Eg tok difor ein telefon til han, og då kunne han fortelje at kommunen subsidierer oss sterkt gjennom husleiga! I oppstartprosessen var me i fleire dialogar med ordførar og rådmann om ei husleige me og dei kunne vere tente med, og det kom me fram til. Når me starta opp var det mange born på ventelister i barnehagane i kommunen, og kommunen hadde allereie laga eit reknestykke på kva det ville koste dei å starte opp fleire avdelingar. Men dei pengene sparte dei når me kom inn i bilete. Så nå får kommunen 12000 kr i året av oss, dei har full barnehagedekning, me er ein bedrift som har 9 tilsette som utgjer 7,5 årsverk, me har 35 flotte ungar og me er så heldig som har ein barnehage som ligg flott til med flott natur i utkanten av sentrum. Og kommunen sparar 15000 i året på straumutgifter som dei hadde når dei lånte huset ut til Grønstad vel, nå er det barnehagen som har desse utgiftene. Grønstad krins nyttar bygget slik som dei har gjort før, og eg vil sei me har eit positivt samarbeid med Grønstad krins.
Det er flott å sjå at Terje og andre går ut offentleg og kjempar for Rygg skule og barnehage, men ikkje la det gå på kostnad av andre. La oss halda oss til fakta, og konsentrera oss om det som er viktig; at me kjempar for det som me bryr oss om på ein ærleg måte!

Anette Lauareid Hovda
Småfolk barnehage