Kommentarar til Dagfinn Torstveit sitt innlegg

«Det krev politisk mot» er eit anna utsagn som til tider kjem frå Dagfinn Torstveit. […]

«Det krev politisk mot» er eit anna utsagn som til tider kjem frå Dagfinn Torstveit. Torstveit brukar sjeldan og aldri sitt politiske mot. Det gjev lite populisme å bruka slikt i politikken. Sp og Ap brukte sitt politiske mot og parkerte Torstveit på sidelinja. Noko som ikkje er enkelt å takla for ein som har prøvd å få sitjeplass i lag med Sp og Ap. Men Sp og Ap har fleirtal åleine og nyttar seg sjølvsagt av det.
I same innlegg kritiserar han Sp og Ap for å ha prinsipp, og legg det fram som om han aldri skulle ha vore i nærheten av slik styggedom. Då vil eg minna Torstveit på at også han har det når det passar. Under debatten om den nye politi reforma uttala Torstveit seg slik: «Lensmannsetatens landslag har eit prinsippvedtak om at ingen lensmannskontor skal leggjast ned». Ein skal ikkje ha store fantasien for å forstå kvifor! Kva for ei tilnærming er dette til debatten? Dette er jamstilt med det som du sjølv kritiserer!
Ein skal ha tunga rett i munnen når ein hoppar frå bølgetopp til bølgetopp for alltid å vera populær. Har ein ikkje det, kan ein lett verta våt. Det vert du denne gongen.

Øyvind Haraldseid