— Slik det høyrest ut for meg er delar av arrangementet klar marknadsføring. Presentasjonen av konjakken er truleg i strid med reklameforbodet. Det er ikkje ulovleg med foredrag, men det skal ikkje vera marknadsførande. Her var det ein type konjakk som er trekt fram, i tillegg er det støtta av at det berre var denne konjakken ein kunne kjøpa etterpå. Ein kan også stille spørsmålsteikn ved prisen på fem kroner, seier Kristine Farstadvoll, rådgjevar i avdeling rusmiddel i Helse- og sosialdirektoratet.
Det Kristine Farstadvoll først og fremst reagerer på er presentasjonen Nicolas Mahé de Berdouaré gav av Erling Skakke-konjakken. Her fortalte han mellom anna at han lenge har tenkt på å laga ein konjakk med dette namnet. I tillegg fortalte han korleis denne konjakken er produsert, og kva som er spesielt med han.
Svært uheldig
Helse- og sosialdirektoratet er tilsynsmyndigheit i denne type saker. I første omgong vil dei truleg vende seg til Etne kommune og be om ei utgreiing av saka. Om det skal skje i denne saka vil direktoratet truleg ta stilling til i dag.
— Dersom det viser seg at kommunen har brote reklameforbodet — og dermed alkohollova — er det svært uheldig. At ein offentleg instans medverkar til dette er ikkje bra. Når same kommune er sett til å kontrollera at dei kommunen gjev skjenkeløyve til held seg innafor lovverket er det uheldig. Kontrollinstansen medverkar då til brot mot det dei er sjølv skal kontrollera, seier Farstadvoll.
Marknadsførte namnet
Ordførar Amund Enge kan ikkje forstå at arrangementet fredag var ulovleg. Han meiner arrangementet først og fremst var ei marknadsføring av namnet Erling Skakke.
— Kommunen har lenge leita etter måtar å ta i bruk namnet Erling Skakke. Håpet er at når folk drikk denne konjakken skal dei samstundes tenkja på Etne. Det er ikkje alkoholen som er det viktige, men det vert jo ikkje laga alkoholfri konjakk, seier Enge.
Kommunen i kontakt med departementet i framkant av lanseringa, etter at fleire aviser ikkje ville trykke ei annonse for arrangementet. Ordføraren meiner at alt som skjedde var innafor regelverket.
— Arrangementet skjer på eit avgrensa område, skjenkeløyvet er i orden, og det er kontroll frå dei som sel konjakken. Eg ser ikkje det store problemet, men er klar over at det kan bli oppfatta feil. Eg er villig til å ta støyten for det, seier Amund Enge.
Viktig pr
Sjølv var han nøgd med arrangementet og at vel hundre personar, både vaksne og born, stilte opp i regnet.
— Dette skulle ikkje vera noko fyllefest, men ei markering på den store saka dette kan bli for Etne. Arrangementet er svært viktig for pr og som merkevarebygging rundt Erling Skakke-namnet. Me håpar og trur at Erling Skakke kan gjera Etne kjent. No jobbar også Nicolas Mahé de Berdouaré med ein vin som skal få same namnet, røpar ordføraren som også gler seg over at det også kjem eit brød som har fått namnet sitt etter vikinghovdingen.