Kommunalpolitikk som saknar sidestykke

Eg har ikkje noko imot at Etne-bygda får dette kultur- og sportssenteret, det skulle berre […]

Eg har ikkje noko imot at Etne-bygda får dette kultur- og sportssenteret, det skulle berre mangla. Det er jo etter som eg forstår Etne samfunnshus som står for utbygginga, og har det økonomiske ansvar. Det eg ikkje forstår er at Etne kommune har oppnemnd ein byggjeleiar og betalar han løn. Samstundes med at prosjektet er oppe i formannskap og kommunestyre for om kommunen skal delta eller ikkje. Er ikkje dette å snu det heile opp ned, og heller seia rett ut at dette er eit bygg tilrettelagt og bygd av Etne kommune, med adresse Etne samfunnshus. Der Etne kommune direkte er bunden opp med dei kapitalkostnader prosjektet blir kostnadsrekna til. Samt til dei totale kostnader når ferdigattest er utforma.
Når rådmannen går inn for bygginga, men samstundes ikkje går inn på kva dette vil medføra for andre kommunale oppgaver, men henviser til neste års budsjett. Ja, då er det noko fundamentalt galt. Det er ikkje berre å gå inn i eit prosjekt som årleg vil tappa kommunen for summar i millionklassen, og vel så det.
Kva vil dette koste med årlege summar i 50 år? Det heile blir som ein gjettekonkurranse.
Når stemmetalet i kommunestyret er 11-10 med ordføraren si dobbelstemme, er kommunen delt i to.
Det som eg heller ikkje forstår, er kvifor den politiske delen er delt i to, for og imot. Har ein del politikarar droppa sitt ansvar og sett rett fram i prosjektet, og oversett «Kampaholmen» ute i Etnefjorden, og landa ute i Ølensfjorden. Er det blitt så galt at ein kjem fram med påstandar at dersom me i Etne ikkje byggjer dette kultur- og sportssenteret, er det andre som kjem til å byggja. Det verkar som det er svært mange usikre moment rundt prosjektet dessverre.
Når det finst ledig kapasitet på ledige rom til den vidaregåande skulen i Etne, er det rart av ein Høgre-ordførar og ikkje sjå dette i samanheng med den politikken han er valt inn i Etne kommune for å formidla. På same tid går varaordføraren ut med at den vidaregåande skulen må vera i Ølen der det er eit miljø. Samstundes går KrF inn for kultur- og sportssenteret i formannskapet, og imot av den representanten i kommunestyret. Mens den gamle fagforeningsformannen frå Rullestad var så usikker at han stemde ja til prosjektet!
Det er noko som ikkje stemmer, trass alt har dette ikkje noko med kor i kommunen ein bur, men det har noko med framtida, med bunden kapital i mange tiår framover.
Når det ikkje føreligg ein konsekvensanalyse i prosjektet, vil eg påstå at både rådmannen og ordføraren, som er kommunen sine øvste representantar, fråskriv seg sitt ansvar, og det bør få konsekvensar. Etne kommune er etter som eg forstår ein negativ kommune. Dette vil seia, folketalet og skattetilgangen er i negativ utvikling. Det er ikkje fornybar industri i utvikling, og kommunen slit økonomisk.
Det heile er ein farse som saknar sidestykke i norsk kommunalpolitikk.
Eg trudde Etne kommune skulle forbli ein kommune, men nå trur eg Vindafjorden er kommen på rek. Går straumen rett veg, vil den til slutt hamna i Fjæra. Då er løpet lagt, då har ein fått eit kultur- og sportssenter som dekker eit stort område.
Dei som lever får sjå, men skremmande er det, kva dette vil medføra.
Ja, eg berre spør. Kanskje det er dette ein del personar ser for seg i sine framtidsvyer, i ei framtid ein ikkje kjenner samanhengen i, ei heller det ein har bygd på i åra som har gått.
Ove Wiland,
Skånevik