— Kommune på billigsal

Nitti veljarar hadde funne vegen til Ølen samfunnshus denne kvelden. Mange av dei hadde nok […]

Nitti veljarar hadde funne vegen til Ølen samfunnshus denne kvelden. Mange av dei hadde nok forlengst bestemt seg, for det var helst kjende andlet frå lokalpolitikken som dominerte i benkeradene. Men alle dei fem som tevlar av ordførarklubba var i kampform.
Det er ikkje til å koma forbi at Dagfinn Torstveit (H) er den fremste retorikaren blant dei fem. Oddvar Haugland (KrF) gav periodevis inntrykk av at han var vel så oppteken av kva andre gjorde gale, enn kva han hadde tenkt å få utretta sjølv. Motstykket hans var Terje Halleland (Frp), som utmerkte seg positivt ved at han såg framover, og at han ikkje øydde tid på å kjekla om kva andre kunne eller skulle ha gjort annleis.
Av dei to sitjande ordførarane, Reidar Håvås (Ap) og Arne Bergsvåg (Sp), var det nok Håvås som var mest visjonær og som markerte seg mest i den nær to timar lange debatten.

Spelte svarteper
Ingen blant publikum tok imot ordstyraren sin invitt til å stilla spørsmål. Dermed fekk politikarane ein halvtime ekstra til å debattera seg imellom.
Mykje av seansen var eit politisk svarteperspel. Håvås meinte at det dåverande ordførarparet, Bergsvåg og Haugland, hadde selt seg for billeg då dei forhandla med Erna Solberg før folkeavstemningane i 2003. I eit anna svarteperspel diskuterte Haugland og Håvås kven som hadde skakkøyrt kommuneøkonomien i gamle Vindafjord og kven av dei som fortente æra for å snudd minus til pluss.

Hardkøyr om økonomi
Debattleiar Ragnar Larsen starta debatten ved å pressa ordførarkandidatane hardt på kommuneøkonomien. Han roste Terje Kleiven (Tverrpol.) sitt innlegg i paneldebatten i Vindafjordhallen, og spurde samstundes om dei fem partitoppane hadde teke for lett på økonomien.
Riset bak spegelen var at fylkesmann Tora Aasland kom til å ta den nye kommunen under administrasjon, sa Larsen.
Dermed gjekk Håvås og Torstveit i strupen på Bergsvåg og Haugland, og skulda dei for å vera dårlege forhandlarar då dei var i dialog med kommunalminister Erna Solberg før folkerøystingane i 2003.
— Dei to kommunane som slår seg saman på Nordmøre, med 2000 og 1000 innbyggjarar, fekk over hundre millionar i vegmidlar, pluss eit ekstratilskot på fem millionar. Eg trur me selde oss forferdelig billig. Eg trur me handla vått høy, brumma Håvås.
— Det er tull og tøys at me har selt oss billig, kom det kjapt frå Bergsvåg. Han viste til at det berre var snakk om ei fullfinansiering av den dyre brua på Nordmøre.
— Dei som dreiv og handla her, dei kunne ikkje handla hest, repliserte Håvås.
Mørke skyer trekkjer inn over økonomien i gamle Vindafjord når ein held dei sju millionane i årleg utbyte frå Haugaland Kraft utanfor driftsrekneskapen. Dette var mellom andre Terje Halleland oppteken av.
— Dersom me ikkje får lov til å skilja mellom kapitalinntekter og driftsinntekter, så har me eit problem, meinte han.
— Me har snudd underskot til overskot på to år, men når desse sju millionane vert trekte ut, så er det klart økonomien vert dårlegare, repliserte Håvås.
Oddvar Haugland poengterte at eit eller anna kom til å verta ramma dersom kraftmillionane skulle ut or budsjettet. Torstveit på si side meinte at Haugland overdramatiserte.
— Høgre har stått som garantist for bygdeskulen din, Imsland skule, repliserte Torstveit.

Ulike konstellasjonar
Debatten dreia inn på dei ulike politiske konstellasjonane i dei to kommunane. Halleland skrytte av samarbeidsklimaet i Ølen, der H, Sp, KrF og Frp samarbeider og har det politiske fleirtalet. Han meinte dette var eit politisk samarbeid, medan Bergsvåg hevda at det berre var eit valteknisk samarbeid.
— I Vindafjord har me hatt eit stabilt fleirtal med Sp og Ap. Me har hatt felles gruppemøte og teke ansvar, sa Håvås, og viste til den økonomiske snuoperasjonen.
— Dei store taka vart tekne før Reidar Håvås kom i ordførarstolen. Eg føler han tek kleda medan eigaren badar, repliserte gamleordførar Oddvar Haugland.
— Oddvar sat i fire år. Det var han som laga desse underskota, kom det kjapt frå Håvås.