Kommune utan strategi

Det kan i dag sjå ut som om politikarane har valet mellom pest eller kolera. […]

Det kan i dag sjå ut som om politikarane har valet mellom pest eller kolera. Sjølv om Stoltenberg-regjeringa plussa på potten til kommunen med 2,8 millionar kroner i forhold til Bondevik-regjeringa, hjelper det ikkje stort. Rådmann Elling Hetland har i sitt budsjettforslag verken verna skular eller barnehagar. Både Rygg barnehage og Rygg skule går usikre tider i møte. Det same gjer Fjæra skule, som lever på lånt tid.

Rådmannen si forklaring på dei drastiske kutta er at kommunen har for høge utgifter i forhold til inntektene. Det er i følgje Hetland noko dei har sett over fleire år. Nedgang i innbyggjartalet, null skattevekst og høg arbeidsløyse, er nokon av årsakene til den skeive utviklinga og den dystre økonomiske situasjonen. Ein minus i folketalet på 24 personar første halvår i år, fører til reduksjon i overføringar frå staten på 800.000 kroner.
Rådmannen sitt forslag til nedskjeringar er stort sett innan skulesektoren. Enda har han ikkje tatt i problema som knyter seg til omsorgssektoren. Der er komitear og utval i sving for å leita etter stader å spara pengar. Oppgåva deira er å finna fem millionar dei tre første åra, pluss 500.000 kroner i inneverande år.

Me sit tilbake med spørsmål om kva politikarane i Etne har gjort for å møta denne utviklinga. Nedgangen i folketalet har ikkje skjedd over natta, men over mange år. Det er heller ikkje noko nytt at Etne ligg på topp i talet på arbeidsledige i regionen.
Når ei bedrift ligg nede for teljing, er valet anten å stengja dørene, eller å finna ein veg ut av uføret.
Strategi- og langtidsplanlegging er nøkkelord både innan næringslivet og i kommunane. Me har ikkje fått auga på kva strategi Etne kommune arbeider etter. Tvert om ser det meir ut som at dagens situasjon er ein konsekvens av mangel på strategisk planlegging gjennom mange år.