Kommunen ferdig med friskulen

Landa oppfattar det slik at godkjenninga Øvre Vats Friskule har fått frå Utdanningsdirektoratet, forpliktar kommunen […]

Landa oppfattar det slik at godkjenninga Øvre Vats Friskule har fått frå Utdanningsdirektoratet, forpliktar kommunen til å leiga ut lokala han har søkt om på den nedlagde skulen.
— Dei har ikkje brydd seg om pålegg for Utdanningsdirektorat, seier Landa, som har sendt eit skriv til direktoratet der han peikar på dette.
Avviser føringar
Karianne Kvarving ved juridisk avdeling i Utdanningsdirektoratet avviser at direktoratet har lagt slike føringar på kommunen, som eig lokala der Landa har søkt om godkjenning til å driva friskule.
— Me har ikkje sett som eit krav at han skal leiga lokale av kommunen. Me har heller ikkje høve til å leggja føringar for noko slikt, seier Kvarme. Godkjenninga går på skulens innhald, og ikkje på dei fysiske bygningane.
Ordførar Reidar Håvås avviser også at kommunen skal vera pålagde ei plikt til å leiga ut.
— Saka er grundig behandla i kommunen. Det var det samrøystes vedtaket i formannskapet, om ikkje å leiga ut lokale til Øvre Vats Friskule. Det var ingen debatt. Me er ferdige med denne saka nå, seier Håvås.