Kommunen sviktar oppdrett

Selskapet Mytilus AS driv frå før to anlegg med dyrking av blåskjel i Sandeidfjorden. For […]

Selskapet Mytilus AS driv frå før to anlegg med dyrking av blåskjel i Sandeidfjorden. For to år sidan blei selskapet tilrådd konsesjon av kommunen for å etablere eit naudsynt tredje anlegg på staden Berget i Vindafjord. Denne søknaden gjekk gjennom alle instansar, med unntak av innvendingar frå Tysvær fiskarlag, som oppmoda til at oppdrettarane flytta lokaliteten 500 meter vestover til Djupedal. Søknaden blei justert etter dette, men i etterkant har det dukka opp ein ny søknad på same stad frå selskapet Atlantic Halibut AS, som driv torskeoppdrett. Begge søknadene skal handsamast i kommunestyret i Vindafjord neste veke, og administrasjonen rår politikarane til å gje Atlantic Halibut konsesjon i Djupedal.
Treng fleire konsesjonar
— Fiskerisjefen ser på søknadene frå selskapet vårt som same sak, men det gjer ikkje kommunen, seier Jo Syversen, dagleg leiar i selskapet Mytilus AS.
Saman med Olav Anders Stople er han hovudaksjonær i selskapet, og dei er begge overraska over vendinga kommunen tar.
— Kommunen går tilbake på tidlegare vedtak og slepper til Atlantic Halibut, som spring ut av oppdrettsgiganten Marine Harvest. Me opplever det som at dei vender ryggen til lokalt næringsliv for å sleppe til internasjonale aktørar, held Syversen fram.
I følgje han er det heilt naudsynt for selskapet hans at dei får ein tredje konsesjon i nærleiken av dei to anlegga som allereie er i drift.
— Konsekvensen viss me ikkje får fleire konsesjonar, blir at me ikkje greier å få produksjonen opp på eit nivå som forsvarer investeringane me har gjort, forklarer Syversen.
Trong fødsel
Mytilus sette ut sitt første anlegg i Sandeidfjorden i 2000, og dei har no etablert eksportkontaktar i Frankrike. Selskapet har hatt ein trong fødsel. Syversen opplever at skjeldyrkarar har ein tendens til å bli nedprioriterte fordi dei driv med ei ny næring.
— Det er ikkje uvanleg med avslag på søknader fordi lakseoppdrett kjem framfor, kommenterer han.
Syversen har frå kommunen fått opplyst talet på arbeidsplassar som hovudgrunn til at administrasjonen heller ønskjer torskeoppdrettet i Djupedal. Dette argumentet forstår han ikkje, fordi han meiner skjelanlegget vil kunne tilby like mange lokale arbeidsplassar som anlegget til Atlantic Halibut. Saka kan ende med at Mytilus må jakte etter ein ny stad å drive oppdrett, men i følgje Syversen knepper det seg til med moglegheiter.
— Eit eventuelt område må vere regulert for aquakultur, i tillegg til at det skal vere ein kilometer mellom kvart oppdrettsanlegg. Dermed er det ikkje så lett å finne nye plassar, avrundar han.