For å få bort overflatevatnet frå tomta til Etne Senter, er det sett opp eit stort overvassrøyr frå bakkant av tomta mot nordaust under E 134 og ut i elva i svingen ved sjukeheimen. Røyret er dimensjonert for i overkant av to kubikk.
Grunneigar Terje Håheim eig på motsett side av elva, og reagerer på kommunen sin framgangsmåte.
— Eg er skremt over at ein kan ta seg til rette utan å henta inn løyve, seier Håheim, og får støtte frå Nick Jacobsen, formann i elveeigarlaget.
— Spesielt med tanke på at det er eit freda vassdrag, supplerer Jacobsen.
— Me føler kommunen har tatt ei litt lettvint løysing, seier han.
I eit brev adressert kommunen, fylkesmannen og NVE uttrykker Håheim bekymring for at vassmengda nå blir større i elva.
— Poenget er at det er vesentlege vassmengder som ikkje har noko i elva å gjera. Dette vatnet ville normalt runne ut i Sæbøvika. Eg synest det er feil at dei skal tilføra nytt vatn som ikkje har noko der å gjera, seier Håheim.
— Mindre attraktivt
Han reagerer på framgangsmåten til kommunen, og at han ikkje har fått formelt nabovarsel.
— Viss det er slik å forstå at kven som helst grunneigar kan styra på korleis dei vil, ville det sett merkeleg ut langs elva, seier Håheim.
Både Håheim og Jacobsen meiner det estetiske med røyret er med på å øydelegga for elva.
— Utsjånaden av røyret gjer ikkje akkurat fiskeplassen meir attraktiv. Ein må kanskje redusera fiskekortprisen der, seier Jacobsen.
— Det å fiska blir meir og meir ei oppleving, men då må ein kunna forventa at det er fint og at me grunneigarane legg til rette for det. Det blir ikkje fint med det svære røyret, seier Håheim.
Strengt
— Den dimensjonen me snakkar om her er ikkje småtteri. At det ikkje er søkepliktig og at ein ikkje har gitt nabovarsel, er merkeleg. Det er eigentleg ganske strengt, og det bør det vera. Det er mange grunneigarar og mange interesser, seier Håheim.
— Røyret ligg der i dag og det blir nok ikkje gjort noko med, men det er viktig å hindra at liknande saksbehandling blir prosedyre ved framtidige prosjekt, seier Jacobsen.
Også han stiller seg spørjande til måten saka er løyst på.
— Umiddelbart stilte eg meg undrande til at det ikkje var søknadsplikt på det. Eg føler det er gitt løyve litt for vagt utan synfaring og søknad, seier Jacobsen.
Jakob Sørheim eig grunnen der røyret er lagt, og har ikkje innvendingar til røyret.
— Her var det eit spørsmål om å få overflatevatnet vekk og dette var den kortaste vegen. Eg reknar med at kommunen løyste det slik på grunn av praktiske årsaker. Ein slapp å grava seg gjennom hagar, og for ettertida vil det bli slutt på overfløymingane, seier Sørheim.