Kommunestyremøtet tysdag måtte brytast av med gruppemøte før partia samla seg, mot to stemmer, om eit forslag frå Bjørn Helgesen (Ap). Det går ut på at pengane frå Haugaland kraft skal styrke oppvekstvilkåra for barn og unge i kommunen, men helst i Sandeid.
Motstridande forslag
Dermed nådde dei to forslaga som i utgangspunktet stod mot kvarandre, berre delvis fram. Frå rådmannen heitte det at fondet burde kome heile kommunen til gode, inklusive nye Vindafjord etter samanslåinga. Stople hadde førebudd eit forslag som derimot gjekk ut på å la Sandeid velforeining få disponere pengane. Bakgrunnen for dette er at fondet er ein kompensasjon for kraftutbygginga i Rødneelva, som ligg i Sandeid. Sandeid velforeining blei stifta nettopp for å avdekke tapa bygda lir i samband med dette, og for å jobbe fram eit erstatningsforslag.
Saka vekte ivrig debatt i kommunestyresalen. Oddvar Haugland (KrF) var tidleg frampå og støtta utspelet frå Stople og Sandeid velforeining. Ordførar Reidar Håvås (Ap) argumenterte med at det prinsipielt sett var feil å gje pengane til berre ein del av kommunen. Åsmund Kalstveit (Sp), Øyvind Haraldseid (SVTL), Josef Blikra (SVTL), Svein Ove Vik (H) og Anita Heggebø (Ap) var alle på talarstolen og argumenterte i tråd med rådmannen og ordføraren. Dei meinte det var rett å la heile kommunen få likt høve til å søke pengar frå fondet.
— Det skal lite kreativitet til for å forstå at utspelet frå Stople ikkje stykjer samhaldet. Kvar er viljen til samhald, etterlyste Heggebø, og sikta til kommunesamanslåinga som nærmar seg med raske steg.
Kompromiss om kraftpengar
Kommunestyremøtet tysdag måtte brytast av med gruppemøte før partia samla seg, mot to stemmer, om […]