Ein annan måte å fortelja om ein tilstand på kan vera at det er ikkje verre her enn andre stader. Er dette ein slags normal tilstand eller kva? Mange hugsar nok Leif Juster sin morosame sketsj Mot normalt.
Men når det gjeld feil som er begått i det offentlege systemet, så får ein ikkje vita meir enn det pressefolk kan grava fram. Og i mange tilfelle ære være dei for det.
Nyleg vart det ein del debatt om ein statsråd som var komen i søkjeljoset avdi ho hadde tilsett ein taleskrivar og ein rådgjevar; utan at saka hadde gått dei reglementere vegar i sakshandsaminga. Ho hadde med andre gjort brot på lovverket. Kontrollorganet på Stortinget tykte det var alvorleg, pressa tykte det var alvorleg, politikarar av annan farge tykte det var alvorleg, NRK tykte det var alvorleg og at det burde få sin omgang i Redaksjon En.
Men statsråden rodde sjølvsagt for livet sjølv om ho måtte vedgå sin brøde, men trur du ikkje at også ho måtte koma med den kjente forklaringa at andre statsrådar tidlegare hadde gjort same feilen, og då så.
Så til heimebanen. Nyleg kunne me lesa i Grannar at kommunen vår måtte stoppa bygginga av ein barnehage på grunn av feil i sakshandsaminga. Alvorleg? Frå ordføraren høyrde ein at dette berre var ein glipp, ein bagatell og formalitet som ville vera retta opp etter 14 dagar. Men ein kan jo spørja om ein feil i byggesak som kunne skuldast bevisst eller ubevisst gjerning frå byggherren, ville vera så uskuldig om det var ein privatperson.
Det er kanskje på sin plass å spørja. Men eit visst slingringsmonn må ein ha råd til. Me unner dei det. For til all lukka er graset grønt for æille. Enn så lenge.
Endre Heggen