Kongehuset på Auastad

«Hytte under eit tre» var motivet i år stod det å lesa i marknadsavisa. Men […]

«Hytte under eit tre» var motivet i år stod det å lesa i marknadsavisa. Men det er ikkje ei kva som helst hytte, men «Kongehuset» på Auastad i Etne. Folk som kom tilreisandes, hadde kanskje likt å fått historia bak motivet, viss dei ville ha med seg eit minne heim frå marknaden i år.  
På Auastad står det ei gammal husmannsstove med ei noko spesiell historie. Dette kan ein lesa blant anna i Kulturhistorisk vegvisar Etne.
Stova til Siri Askjellsdotter og Aslak Olsson vart nemlig bygd med økonomisk stønad frå sjølvaste Kongen. I 1909 venta dei sitt tredje barn, og hadde framleis ikkje sin eigen heim å bu i. Aslak arbeidde som daghjelp og vegarbeidar, men paret måtte stundom ty til fattighjelp. I si armod og fortviling sette Siri seg ned og skreiv eit brev til kong Haakon, med bøn om hjelp. Kongen skjøna nok den vanskelege stoda , og med presten som mellommann kom det brev tilbake med 250 kroner. For desse pengane kjøpte dei seg eit gamalt hus som dei flytte og sette opp på Auastad. Dei fekk seg og omn, seng, bord og stolar. Derfor har huset sidan vorte heitande «Kongehuset på Auastad».
 
 Borghild Galtung