Konjakk på det tørre

I Grannar uttalar ordføraren at det vert laga lite alkoholfri konjakk slik at det vert […]

I Grannar uttalar ordføraren at det vert laga lite alkoholfri konjakk slik at det vert vanskeleg å lansera eit alkoholfritt alternativ. Sant nok. Det spørst vel i det heile om det hadde vore interessant for nokon som helst å lansera eit alkoholfritt alternativ. Det hadde ikkje vore karslig i det heile, dersom det hadde vore snakk om det.

Og her er me vel eigentleg inne ved sakas kjerne. Alkohol skal alltid framstillast som noko positivt, flott og karsleg. Dette ser ut til å vera ei arv som me har tatt med oss heilt i frå Erling Skakke si tid og før det. I eit lesarinnlegg frå Inger Stolt-Nilsen vert me bedne om å slutta med sutringa, og nyta gleda ved god konjakk. Gode greier, hadde det berre vorte konsumert konjakk i dei tusen heimar og rundt omkring i landet i helgane, hadde alkoholkonsumet truleg avgrensa seg sjølv. Alkohol er diverre, om ein likar det eller ikkje, vanedannande på fleire måtar. Ein av vanane her til lands er at den skal nyttast og nytast på snart alle arenaer i samfunnet.
Det er veldig viktig at me også lærer oss å vera saman sosialt utan at alkohol er det viktige og sentrale. Oppveksande generasjonar treng klare og tydelege førebilete, som kan vera motpol til det enorme presset som ikkje minst unge i dag vert utsett for med tanke på rus og alkohol. Det vert difor nokså vanskeleg for mange å forstå at det skal vera ei kommunal oppgåve, å lansera eit positivt bilete av noko som er veldig vondt og problematiske for mange. Dette kallar me negativ signaleffekt, anten me likar det eller ikkje!

Så kan ein då stilla spørsmålet, kva reklame er det dette produktet eigentleg skal gi oss, som Etne kommune sine innbyggjarar får nytte av. Er varemerket «Skakke» lisensbelagt til inntekt for Etne kommune? Eller reknar ein med eit veldig oppsving i reiselivet og turismen som følgje av at ein nå får ein ny type konjakk på marknaden? Kunne vore interessant å få svar på det.
Reknar med at ein del av kostnadane med lanseringa og opplegget rundt dette også slukte nokre kommunale kroner. Vil oppfordra politikarane og ordføraren vår til å grava fram ein liknande sum, og meir til, av kassen, og støtta konkret alt det fenomenale arbeid som vert lagt ned i arbeid for born og unge her i kommunen. Dette vert gjort av eldsjeler, og av born og unge sjølv. Støtta og få på beina tilbod til yngre ungdomar i helgane, fritidsklubb og løna leiarar til dette arbeidet. Det hadde vore god Etne reklame det!

Steinar Frønsdal
Etne