Konsert for å hjelpe

Rundt 20 musikarar i Ølen og omegn skal delta på konserten i Ølen kyrkje på […]

Rundt 20 musikarar i Ølen og omegn skal delta på konserten i Ølen kyrkje på søndag. Billettinntektene går uavkorta til Norges Røde Kors som saman med mange andre hjelpeorganisasjonar er i gang med innsats etter flodbølgjekatastrofen i Søraust-Asia.
Det er mange kjende namn i det lokale musikklivet i Ølen som stiller opp, frå Ølen blæsegruppe til songaren Dagny Christophersen.

Sterke inntrykk
Initiativtakarane til konserten er Gunn Rakel og Lasse Jarmer som kontakta musikarvenner etter at dei to bestemte seg for å gjere noko for ofra etter den ufatteleg store naturkatastrofen. Ideen kom i romjula etter dagar med sterke inntrykk frå tv-skjermen av menneske i naud.
— Ein blir ganske nedtrykt av å sjå menneske bli ofre på denne måten. I staden for å sitje passiv og berre sjå på tragedien, fann vi ut av vi ville gjere noko som kan bidra positivt, seier Gunn Rakel Tjelle Jarmer.
Dermed var dei i gang med å ringje andre musikarar, og sokneprest Johannes Nedrelid var berre glad for å stille kyrkja til disposisjon.

Alle positive
— Det var berre ja å få frå lokale musikarar. Og med rundt 20 musikarar blir det ei variert samansetning. Konserten blir avslutta med eit fellesnummer, fortel Lasse Jarmer.
— Men det var ei klar tilbakemelding om at det ikkje måtte bli ein for trist konsert. Konserten skal spenne vidt, men både repertoar og utval blir sjølvsagt prega av temaet og bakgrunnen for konserten, seier Gunn Rakel Tjelle Jarmer.
Konserten med dei lokale artistane har fått tittelen Tonar for Asia. I tillegg til det musikalske, skal også sokneprest Nedrelid ha ordet.
— Med ein hundrelapp i inngangsbillett og ei fullsett kyrkje, kan det bli ein slump som monnar i hjelpearbeidet. Vi får håpe mange nyttar høvet til å vere med på å gjere noko for dei som er ramma av denne ufattelege katastrofen, seier dei to om konserten søndag ettermiddag.