Det er ingen parti som har eintydige linjer når det gjeld nasjonal styring kontra lokalt sjølvstyre. Men nasjonale inngrep av denne typen, pleier ikkje å vinne sympati i den borgarlege leiren.
Blant regjeringspartia må dette vere ei vanskeleg sak for Senterpartiet å ta frå kommunane retten til å bestemme over så store inngrep.
Frå departementalt hald blir det hevda at staten har høve til å gripe inn også i dag. Men det er eit dårleg argument sidan det aldri blir praktisert. I praksis har kommunane veto i slike saker. Ei endring i loven vil derimot ta frå lokaldemokratiet denne retten til å bestemme over store inngrep når siktemålet er å etablere vindmølleparkar.
Lovendringa er eit effektivt verkemiddel for å flytte tyngdepunktet frå kommunane og over til staten. Det er difor å avspore debatten å vise til at forslaget er ei presisering av ei ordning som alt finst. Det er derimot ei endring som totalt vil endre praksis.
Det er eit problem at samfunnet vil ha meir miljøvennleg energi for å spare klimaet, men få vil ha dei omdiskuterte vindmøllene. Skepsisen mot naturinngrepet vindmøllene representerer, er stor i Noreg. Det fører naturleg nok til vanskar med å etablere vindmølleparkar.
Det er likevel ikkje rette måten å nå målet på. Viljen til å skape rein energi må vere tufta på oppslutnad ute hos folket og i kommunane, og overstyring av lokal vilje er sjeldan den rette framgangsmåten.
Fylkesplanen for vindmøller i Rogaland er eit godt døme på at sentrale forslag ikkje alltid er gode. I utkastet var Vindafjord pepra med vindmøller. Ei lokal justering med å blinke ut færre område var nødvendig.