Kåre Nymark er kjøpmannen som har gjort nesten alt for å skape inntekter til butikken. Han har laga noko meir enn ein butikk, men drøsestove, arrangement og pubkveldar. For denne kreativiteten har han blitt nominert til kjøpmannsprisen, og gått til finalen i den landsdekkande kåringa.
Men daglegvarehandelen er ikkje stor nok til å halde skuta flytande.
Lite som skal til
— Eg vil verken syte eller klage på nokon, aller minst kundane. Men det er eit faktum at handelen har utvikla seg slik i 2004 at eg gir meg tre månader før eg avgjer om det er liv laga å drive butikken. Eg vil ikkje vente til eg endar opp med gjeld. Då vil eg heller finne meg anna arbeid, seier Nymark.
Blir konklusjonen negativ på dette spørsmålet i april, vil han avvikle butikken etter sommarferien.
— Marginane er små, men dei må vere på rette sida. Dersom butikken hadde hatt 15 fleire totalkundar som handla hovuddelen hos oss, ville det vere nok til at butikken klarer seg, seier Nymark.
Bjoa har i dag nærmare 220 husstandar, pluss ein god del hytter.
Etter eit handlerush tidleg på føremiddagen, truleg i frykt for at snøen skulle halde fram med å lave ned, er det litt stillare i butikken midt på dagen. Mariann Hettervik er ein av dei faste kundane på Buo.
— Eg ser det slik at butikken og skulen er det viktigaste vi har på Bjoa. Eg er avhengig av begge for at Bjoa skal vere ei god bygd å bu i. Dersom Kåre Nymark må avvikle, er det ingen andre som vil tore å starte opp igjen når ein ser alt han har gjort for å skape handel og trivnad, seier Hettervik.
Ho og familien flytta til Bjoa for ein del år sidan. Før Nymark tok over butikken for fire år sidan, handla ho i Vikebygd i det snaue halve året det ikkje var butikk på Bjoa.
Bygda må klare det
— Ingen kan tvinge folk til å handle, og det er sikkert enkelte det ikkje passar for å bruke butikken. Folk må også ha lov å handle andre stader utan å få dårleg samvit. Men det overraskande er om ikkje bygda klarar å halde seg med eigen butikk. Det er ei bygd med tiltakslyst og stor dugnadsand som får til det meste. Difor er det skuffande dersom butikken bli lagt ned. Vi sagar over greina vi sit på, seier Hettervik.
Ho trur ho har dei fleste i bygda med seg på at dei har ein god butikk med ypparleg service.
— Skal ein ha ostekveld må ein nok slå seg laus i ein annan butikk enn på Buo. Men fleire burde kanskje vere medvitne om at handlar ein for mykje andre stader, så er det ikkje grunnlag for butikken, meiner ho.
Hettervik meiner bygda ikkje har råd til å miste butikken. Den er møteplass og identitet, og det vil bli ganske upraktisk med lang veg til daglegvarehandel den dagen Buo ikkje er meir.
Lutefisk og barnedåp
Nymark er handelsmannen som har prøvt å gå nye vegar for at bygdebutikken skal bli liv laga. Drøsestova er fjonga opp og utvida, ein pub har sett dagens lys, og no står eit kjøkken for tur.
— I morgon skal vi ha eit forseinka julebord for fotballgruppa, og søndag er det barnedåp. I februar er det planlagt lutefisklag, og ein kveld med 70-tals musikk, fortel Nymark.
Han ser på ingen måte med glede på å måtte avvikle dersom økonomien set ein stoppar for Buo landhandel.