Kostar millionar i Isvik

Skrekkscenarioet med ekstrem nedbør ramma både Isvik hageby, Isvik sentrum og Skjoldlifeltet i august i […]

Skrekkscenarioet med ekstrem nedbør ramma både Isvik hageby, Isvik sentrum og Skjoldlifeltet i august i fjor. Både industribygningar, forretningsbygningar, bustadhus og vegar vart skadde i flaumen.
No har Noregs vassdrags- og energidirektorat laga ein rapport om flaumsikring i Skjold.
Sikre ni område
NVE har kartlagt ni ulike område som må sikrast mot ny flaum i Skjold mellom Nonslid bensinstasjon og ned til Isvik sentrum og Isvik hageby.
Kostnaden for ein kulvert og ei 400 meter lang grøft i Isvik hageby vil bli 3,2 millionar kroner.
NVE har alt varsla at dette må Vindafjord kommune ta på eiga kappe.
— Eg har ikkje fått sett grundig på rapporten enno, men det er fleire område som skal sikrast og dermed blir ein utgiftspost. Men eg har ikkje oversikt over kor mykje dette vil koste for kommunen, seier Tor Gunnar Skaar, einingsleiar for tekniske tenester.
Han skal ha møte med NVE og Statens vegvesen etter påske.
Ukjent sluttsum
Skaar vil ikkje spekulere i kva sluttsummen for kommunen kan bli. Men det stoppar ikkje med millionutgiftene som går til Isvik hageby. Eit område ved Skjold kyrkje må sikrast, pluss Skjoldalifeltet som også vart hardt ramma i flaumen.
Prislappen her er stipulert til 1,5-2 millionar kroner.
Rapporten utelukkar fire av tiltaka som aktuelle til å få pengar av NVE. I tillegg til Isvik hageby, gjeld det også Isvik sentrum og bekkefaret opp til gartneriet.
Aktuelle adresserer for rekninga meiner NVE er kommunen, forsikringsselskap, Statens naturskadefond og Statens vegvesen der direktoratet ser det som uaktuelt å gå inn med tilskot.
— Vi får diskutere rapporten med NVE og Vegvesenet. Det største arbeidet kommunen blir involvert i, er Isvik hageby, seier Skaar.
Planen omfattar utbetring av bekkefar, kulvertar, flaum- og erosjonssikring.
Etter påske skal formannskapet i Vindafjord også løyve 940.000 kroner ekstra til flaumsikring i Sandeid.