Kotelettar i solsteiken på torgdag

Torgdagane i Skånevik stoler på eigne krefter med underhaldning av lokale aktørar. I turistbygda Skånevik […]

Torgdagane i Skånevik stoler på eigne krefter med underhaldning av lokale aktørar. I turistbygda Skånevik er det også mange tilreisande som samlar seg til ei hyggestund på Torgdagane.
Sildakongen Arvid Otto Mørch var i slag både på scenen og vedsildeboda på kaien. Han filosoferte over at spekesilda kom før rocken og ansjosen før spekesilda, og konkluderte med at ansjosen gjer han ekstra glad i kvinner.
Primus motor i årets torgdagar, Turid Straumsøy, strålte i kapp med sola.
— Når vi har vêrgudane med oss, går alt bra. Folk kosar seg uansett på ein slik junidag, seier ho.
Supportergjeng
Osvald Birkenes har ikkje tal på kor mange kotelettar som passerte grillen, men det var mange.
— Det er vêret for å servere kotelettar. Vi har i alle fall ikkje fått kjeft, så maten fell sikkert i smak, seier han.
Fotballaget i Skånevik må visst leggje ned for å få ein skikkeleg supportergjeng i ryggen. Seks jenter i Skånevik-drakt var heiagjengen som etterlyste eit sårt sakna fotballag der dei kan ta ein kikk på gutane i bygda.
— Vi hadde lyst å lage litt moro. Men det er jo dumt at Skånevik ikkje har A-lag lenger, seier Bjørg Berge Sævareid og får tilslutning av Hilde Andersen.
Torgdagane i Skånevik hadde på førehand utfordra fleire til å kle seg ut i gamle kle.
— Vi må nok jobbe litt meir med den saka neste år. Vi håpar på endå fleire sidan kostyme er med på å setje preg på torgdagen, seier Turid Straumsøy.
I år var det ein ekstra spore ved at det var ein tusenlapp i premie til ein av dei som var kledde ut. Den heldige var Inger Dyrdal.
Laurdagen vart avslutta med show og dans i idrettshallen. I går var det natursti, utegudsteneste og skytingas dag som stod på programmet.