Køyrde godt på heimebane

Med 72 deltakarar i bilcrossklassen og 29 i bilcross junior vart det ein tøff kamp […]

Med 72 deltakarar i bilcrossklassen og 29 i bilcross junior vart det ein tøff kamp om kven som skulle få dei seks ledige plassane i A-finalen. Med så mange bilar på startlista vart det køyrd både A, B, C og D-finaler i bilcross, og når status kunne gjerast opp var heile ni av 21 førarar i finalane frå arrangørklubben. Aller best var Arild Riise og Rune Lutsi, som begge hadde full pott frå dei innleiande omgangane, etter å ha vunne alle sine innleiingsheat.
Det var Rune Lutsi som kom best i gang frå start i finalen, men etter ein samanstøyt med NMK Bergen-føraren Per Arne Blindheim, vart det ein lang nok stopp på dei to til at Arild Riise kunne ta seg forbi. For 22-åringen Arild Riise frå Tysværvåg, som har køyrt bilcross frå han var 16 år, blei helga i Vikedal ei svært positiv oppleving, etter at han torsdagen før hadde dimittert frå militærteneste.
— Ja, det har blitt litt mindre bilcross i det siste, men ved hjelp av gode venner og gode sponsorar kunne eg berre setje meg i bilen og køyre løp denne helga, og då er det ekstra kjekt at det blir siger, seier Riise, som no er oppe i leiinga i Værstingcup i bilcrossklassen.
Rune Lutsi vart til slutt nummer to med Per Arne Blindheim på tredje plass. Kristoffer K. Bjelland, Per Gaute Østbø og Lars Reidar Frøyland var alle i B-finalen og vart nummer åtte, ni og ti. Martin Tveit vann B-finalen og slutta som nummer 12, medan Kenneth Johansen vart nummer 13. Johannes Holten Leifsen og Geir Harald Skeie var begge i D-finalen og køyrde inn til ein 17. og 20. plass.
Kamp i bilcross junior
I bilcross junior var både Johan André Øverland, Knut Endre Fønnebø Ringhagen og Aleksander S. Eikeland frå arrangørklubben kvalifiserte til A-finale køyring
Knut Endre Fønnebø Ringhagen var den som vann sist det vart køyrt juniorcross på Vikedal Motorbane, og han la eit godt grunnlag både laurdag og søndag då han vann alle sine heat i dei fem kvalifiseringsomgangane. Likevel var det Karl Helland frå NAF Gjesdal som gjekk i tet frå start i A-finalen, med Johan André Øverland tett bak. Til slutt vart det ein samanstøyt mellom desse to, som dommarane ikkje likte. Helland vart ståande og Øverland fekk straff og dømt sist i finalen. Dermed opna døra seg for Aleksander S. Eikeland.
For første gong kunne han køyre inn til siger i eit bilcrossløp og var skikkeleg fornøgd med det.
— Bilen gjekk problemfritt heile helga og så fort som det gjekk i finalen trur eg aldri eg har køyrt tidlegare.
Eikeland vann føre KNA Haugaland-føraren Kjetil Nybøe og Knut Endre Fønnebø.
Etter at to rundar no er køyrde både i Værstingcup og NMK Vikedal Cup, leiar Knut Endre Fønnebø Ringhagen begge cupane, medan Johan André Øverland ligg på andre plass i NMK Vikedal Cup og Aleksander S. Eikeland ligg på tredje plass Værstingcup.
Lutsi i nasjonal
Rallycross nasjonalklassen vart vunnen av NAF Gjesdal-føraren Ørjan Lutsi i rein oppvisningsstil. I starten tok han det til og med litt med ro, før han sette inn støtet og drog frå konkurrentane.
— Det har blitt mykje køyring denne helga og eg tok det litt med ro for å sikre meg at bilen fungerte som den skulle, seier han
Ørjan Lutsi vann føre klubbkamerat Håkon Gjesdal Nilsen, med Sigmund Lutsi, NMK Vikedal på tredje plass.