Kraftfullt med Feedback

Feedback arrangerte søndag ettermiddag julekonsert i Skjold kyrkje. Om lag 400 personar hadde tatt turen […]

Feedback arrangerte søndag ettermiddag julekonsert i Skjold kyrkje. Om lag 400 personar hadde tatt turen til kyrkja for å få med seg julesongar og eit juleprogram som høyrer jula til. Det var faktisk ikkje ein einaste ledig stol då konserten tok til. Ei stor scene med profesjonelt tilrigga lyd og lys heva kvaliteten på konserten.
Feedback hadde mange flinke solistar under konserten. Med resten av Feedback-koret som song i bakgrunnen, kunne det til tider høyrast ut som Hanne Krogh med eitt av sine lokale kor på julekonsert. Med svært flinke musikarar på tangentar, piano, trommer, saksofon, gitar og bass, vart det veldig bra trykk i songane.
Også barnekor
Det var ikkje berre Feedback som hadde songar på programmet. Skjold barnekor song fleire julesongar. Då dei skulle framføre «Nå tennes tusen julelys», spela fire jenter på kornett og fire gutar song solo med koret i bakgrunn. Framføringa viste at det låg mykje øving bak songane som vart nydeleg framførde. Randi Byrkja Dagsland, Ingfrid Byrkja Hystad og Solrun Blikra song mellom anna «Marias guttebarn».
Utanom songane, var det også opplesing frå Bibelen. Ei jente las juleevangeliet Lukas 2 som passa fint i kyrkja på denne førjulskvelden. Dirigent frå Feedback-koret, Elisabeth Stople Gregersen, viste at ho i tillegg til å dirigera koret, også hadde ei flott stemme då ho song «Mitt hjerte alltid vanker».
Ein av dei best framførde songane stod Carina Økland for. Med si klokkeklare stemme fekk ho vist sitt store songtalent då ho song «Mary did you know».
Feedback hadde sett saman ein medley med kjende julesongar med Solrun Blikra som solist. Musikarane gav alt og koret serverte ei forrykande avslutning på julekonserten som klang godt i kyrkja. Til slutt fekk også publikum vere med på å synge jula inn med «Deilig er jorden». Publikum takka for ein flott konsert med trampeklapp til dei unge utøvarane.