Kraftig auke i arbeidsløysa

I Rogaland har talet på arbeidsledige auka med nærare 900 den siste månaden. 575 av […]

I Rogaland har talet på arbeidsledige auka med nærare 900 den siste månaden. 575 av desse er permitterte, og storparten av desse er tidlegare arbeidstakarar innan bygg, anlegg og industri. I desember låg arbeidsledigheita på 1,3 prosent i Rogaland, medan talet auka til 1,7 i januar. Likevel har fylket framleis den lågaste ledigheit i landet.
I Vindafjord kommune er det totalt 60 personar som er heilt arbeidslediga, 18 fleire enn i desember månad, og dobbelt så mange som i fjor på same tid. Dei 60 arbeidsledige utgjer 1,4 prosent av arbeidstyrken i kommunen.

I Hordaland har talet på arbeidsledige auka med 39,3 prosent frå i fjor på same tid. Heile 1.621 fleire er arbeidsledige enn i 2008. Likevel ligg også Hordaland betre an enn landsgjennomsnittet, der den samla arbeidsløysa auka med 46 prosent i år i motsetnad til fjoråret. 911 personar med bakgrunn i bygg og anlegg er heilt utan arbeid i Hordaland. I Etne kommune er 35 personar heilt arbeidsledige. Desse utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken.

Trass ei kraftig auke i arbeidsløysa, er det framleis stor etterspurnaden etter arbeidskraft. I Rogaland blei det utlyst heile 2.901 stillingar i januar, 1.200 fleire enn i desember. Innan helse, pleie, omsorg, undervisning er det framleis stort behov for fleire arbeidstakarar. I Hordaland har desse bransjane til saman 750 ledige stillingar.