Kraftig fleirtal mot EU-medlemskap

Den siste målinga frå Sentio viser at berre 10 prosent av KrF-veljarane er for EU-medlemskap. […]

Den siste målinga frå Sentio viser at berre 10 prosent av KrF-veljarane er for EU-medlemskap. Det er noko lågare enn tidlegare. Sett over tid har det vore vanleg at mellom 15 og 20 prosent har hatt det synet. Det er rom for veljarar med ulike syn i KrF. Slik skal det vera. Samstundes er det klårgjerande å sjå at dei aller fleste KrF-veljarar seier nei til EU-medlemskap. Nei-fleirtalet er klårare enn på lenge også i KrF. Det er såleis ingen grunn til å endra KrF sitt program på dette punktet. Det er det heller ingen planar om.
I Arbeidarpartiet er Nei-fleirtalet no 52 prosent mot 37 ja. I Frp seier 53 prosent nei til EU-medlemskap, 37 prosent ja. Men mest interessant er det at i Venstre, som i leiande partiorgan er delt om lag på midten, så leiar Nei-folket med 57 mot 37 prosent, skal ein tru Nationen si melding om Sentio-målinga. Om Venstre skulle gå inn for EU-medlemskap, ville det med andre ord vera mange EU-kritiske sentrumsveljarar å henta for KrF.
Det sterkaste inntrykket er likevel at det er Nei-fleirtal i alle parti unntatt Høgre. Det syner, slik dei to folkeavstemningane også har vist, at Nei-rørsla i Noreg er, og må vera, ei tverrpolitisk rørsle. Der har også Nei til EU eit forbetringspotensiale.

Ingebrigt S. Sørfonn
stortingsrepresentant for KrF