— Dette må vere den beste forretninga vi har gjort her i Bjordal, proklamerer Dominikus Bjordal.
Saman med sønene Andor og Jens Bjordal, og naboane Ole Bjørn og Bjarne Bjordal er han blitt kraftbaron i dalen.
— Eg angrar ikkje eit sekund på dette. Her får vi gratis straum pluss at det vil gi inntekter. Det kjem godt med når ein skal klare seg i landbruket, seier naboen Ole Bjørn Bjordal.
Nisje på bruket
For familien Bjordal er det ingen ukjent strategi å finne nye nisjar i tillegg til mjølk og kjøt. Bjordal kurs og fritid er den tredje inntektskjelda på bruket.
Dei eig 80 prosent av kraftverket og naboen Ole Bjørn Bjordal 20 prosent. Det er fordelt etter fallmetrane dei to bruka har i Bjordalsvassdraget. Det er over ti år sidan dei starta med planane om eit kraftverk, til dei i førre veke samla alle aktørane som har hatt ein finger med i kraftverket, til markering av oppstarten.
— Mykje har skjedd i løpet av desse åra. Då tanken dukka opp var spotprisen sju øre og no er den 20. Det fortel sitt om kvifor det er blitt økonomi i å byggje ut mindre vassdrag, forklarer Jens Bjordal.
Sitt eige nett
Bjordal kraft er det første små kraftverket i dekningsområdet til Skånevik Ølen Kraftlag. Med ein årsproduksjon på minst 800.000 kWh, blir SØK mottakar av over 70 prosent av straumen som blir produsert.
Eigarane valde å ta ut gratis straum i staden for å selje alt og kjøpe tilbake frå kraftlaget. På sikt blir det god butikk ved at dei har investert i sin eigen lågspent i Bjordal, og dermed slepp unna den ikkje ubetydelege nettleiga i tillegg.
For tre blad Bjordal med familiar, pluss næringsdelen, er det snakk om eit årsforbruk på nærmare 100.000 kWh, og som på sikt blir å sjå på som gratis forbruk.
— Det er ikkje ubetydeleg for oss å produsere sin eigen straum, og i tillegg kjem det inntekter. Alt vi ikkje brukar kan vi selje, så det blir nok freistande å slå av ei lyspære, seier Dominikus Bjordal.
Lønningsdag
Ein dag i månaden er det lønningsdag der inntektene blir fordelt på dei to bruka. I første omgang satsar dei på å betale ned mest mogleg på lånet, med tanke på at det kan kome tørrår eller oppstå ting som stoppar pengemaskina i kraftverksbygningen.
Å skaffe kapital og bli samde når det er fleire grunneigarar i eit vassdrag, er ofte ei utfordring. Begge delar har vore problemfritt i Bjordal. Med 1.000 arbeidstimar og 600 maskintimar i eigen regi, vart det nødvendig å skaffe ein millionar kroner i kapital. Det var eit overkommeleg beløp, og dei har ikkje danna selskap, men driv kraftverket som privatpersonar.
— Det er mykje enklare slik, og billigare, forklarer Ole Bjørn Bjordal.
Verket er difor resultatet av stor eigeinnsats der Andor Bjordal er leiar i kraftverket, med kårkallane Dominikus og Bjarne på kvar sin kant har bidratt med spesialkompetanse som sekretær og skytebas.
Eksordføraren si erfaring drog sikkert ikkje ned då dei klarte å hente ut rentestøtte frå SND.
Lokale ressursar
Dei har ikkje berre tatt i bruk lokale naturressursar, Bjordal har hatt som fanesak å bruke lokale leverandørar i prosjektet. Turbin og generator har dei skaffe seg hos Energi Teknikk AS i Dimmelsvik i Kvinnherad som samarbeider med Sunnhordland mekaniske verksted i Skånevik. Elektro og røyr har Haraldseid Rørlegger AS og Haraldseid Elektriske AS stått for.
Det er lagt rundt 700 meter røyr frå Langåsdalsvatnet og ned til Bjordal. Det gir eit fall på 77 meter. På full guffe produserer generatoren 99 kW i løpet av ein time, og dermed nesten 2.400 kWh i døgnet.
Inntaket er lagt 60 meter ut i Långåsdalsvatnet og gir sikker tilgang til vatn. Men går vatnet ned med meir enn ein meter på grunn av lite tilsig, må turbinen stoppe. Det er eit spenningsmoment for kraftkarane i Bjordal.
Dei blir truleg ikkje dei einaste som byggjer kraftverk i Vikebygd. Også lenger nede i Bjordalsvassdraget er det planar om kraftverk, og to andre stader i Vikebygd er det grunneigarar som syslar med tanken.
Fakta/ Minikraftverk
NVE at det i løpet av ein ti års periode kan nok små kraftverk her i landet til å produsere 5 TWh, eller nærmare 8 Altakraftverk. Potensialet på sikt er rundt 25 TWh
Små kraftverk blir delt inn etter produksjonseffekt: mikrokraftverk under 100 kW, minikraftverk 100 kW-1000 kW og småkraftverk 1000kW – 10.000 kW
Interesse for små kraftverk er stor. NVE arrangerte 17 seminar i fjor som samla rundt 1.800 personar.
For å stimulere til utbygging av miljøvennleg kraft vil såkalla grøne sertifikat bli innført. Dei vil truleg gi utbyggarane 10-20 øre ekstra per kilowattime i inntekter i ein periode.