Kraftsenter for kulturen

Initiativtakarane bak det interkommunale platestudiet, som var klart for opning då det brann, blei også […]

Initiativtakarane bak det interkommunale platestudiet, som var klart for opning då det brann, blei også ståande tomhendte tilbake.

For ungdomslaget Fram, som er eigar av Ljoshall, har det meste av energien etter brannen gått med til å finna fram i korleis ungdomshuset var forsikra. Av dei opplysningane som er komne ut, kan det sjå ut som at huset var underforsikra og at verdien av alle dugnadstimane er tapt.

Lydloftet, som er ei verksemd i full drift, har etter brannen funne mellombelse løysingar for å oppfylla avtalar som var inngått. Samstundes har det vore jobba med å finna ei permanent løysing.
På svært kort tid har Etne kommune og Lydloftet funne at det gamle skulehuset på Enge er godt eigna og kan erstatta Ljoshall.

På støttekonserten for Ljoshall på Byscenen i Haugesund onsdag kveld, kunne ordførar Amund Enge komma med gladmeldinga om at Lydloftet skulle få nytta det gamle skulehuset. Han overrekte husnøklane til Nils Halleland, som er rektor ved Etne kulturskule og sterkt engasjert i Lydloftet.

Med billettinntekter frå konserten og gåver frå næringslivet i Haugesund i lomma, til saman 200.000 kroner, pluss hus og flytta inn i, var det ikkje rart at smila til gjengen bak Lydloftet sat laust i Haugesund onsdag kveld.
Me trur, som det blei sagt av både artistar og andre, at dette kan bli eit kraftsenter for kulturlivet i vårt distrikt. Då inkluderer me også Haugesund og omland.