Kraftverk ved Eljarvik

Sjølv om Stortinget har Saltåna med i verneplanen, reknar Øystein Eljervik på Eljarvik i Fjæra […]

Sjølv om Stortinget har Saltåna med i verneplanen, reknar Øystein Eljervik på Eljarvik i Fjæra med å byggje eit minikraftverk i utløpet av elva innan to år.
Tilsegnet fekk han i februar 2002. Dette står ved lag i fem år frå då, og etter den tid har han fem år på seg til å byggje det, fortel han. Dette kraftverket har ei fallhøgde på 95 meter og vil gi 1,2 gwh.

Utvida søknad
Seinare har Øystein Eljervik søkt om å få utvide konsesjonen til å gjelde ei fallhøgde på 500 meter, heilt frå toppen, der Saltåna startar ferda mot Åkrafjorden. Eit slikt kraftverk ville gi sju til åtte gwh.
Eljervik meiner eit større kraftverk ville blitt meir miljøvennleg, enn det han har fått tilsegn om å bygge. Nå håper han dette vil la seg gjere trass i vernevedtaket.
— Ei fallhøgde på 500 meter vil bli mindre synleg i terrenget, fordi ein då vil gå med sjakt ned frå toppen og inn med tunnel nede. Det minste vil bli ført i synlege røyr ned frå 95 meter oppe i lia, seier Eljervik. Han fortel vidare at han vil byggje kraftverket sjølv, utan andre samarbeidspartnarar. Straumen reknar han ikkje med at det skal bli vanskeleg å bli kvitt.
Seniorrådgjevar Ivar Sægrov i Noregs vassdrags- og energidirektorat region vest, stadfestar at tilsegnet som var gitt i 2002 om bygging av minikraftverk står ved lag trass i vernevedtaket. Når det gjeld den utvida søknaden om å auke til ei fallhøgde på 500 meter, reknar Sægrov med at eit slikt kraftverk vil bli for stort.
— Det er for tidleg etter vernevedtaket å seie kor mykje for stort eit slikt kraftverk vil bli, men det er opna for at det også i verna vassdrag kan gis konsesjon opp til ein viss storleik. Sannsynlegvis vil det siste bli noko for stort, seier han.