Krasja i Ølensvåg

Det var sjåføren som sjølv meldte frå om uhellet i Ølensvåg like etter kl 20.00. […]

Det var sjåføren som sjølv meldte frå om uhellet i Ølensvåg like etter kl 20.00. Han hadde krasja bilen som blei ståande i vegbanen til bergingsbil fekk fjerna den. Det var ingen andre bilar involvert i kollisjonen. Føreren oppsøkte legevakta med smerter i ein fot, opplyser Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.