21-åringen blei køyrt til legevakta og deretter til sjukehus etter at han var uheldig på glatta rundt kl 18.00 måndag kveld. Ulykka skjedde på E 134, like ved Mørkelikrysset i Etne.
Operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt kunne like etter ulykka ikkje seia noko sikkert om årsaka. 21-åringen blei først sendt til legevakta i Ølen og vidare til sjukehuset i Haugesund. Skadeomfanget er førebels ikkje kjent.
Bilen var på veg austover då føraren køyrte ut av vegen på høgre side der den trefte ein bergknaus slik at bilen gjekk rundt. Den sklei fleire titals meter før den stansa og blei liggande i eige køyrefelt med taket ned.
Ulykkesstaden er i ein svak sving og det var noko glatt på vegen. Både politi og ambulanse kom raskt til staden.
Kraup ut av bilen
21-åringen blei køyrt til legevakta og deretter til sjukehus etter at han var uheldig på […]