Krav til barnehagar

Det er neppe alle familiebarnehagar som er millionbutikk. Mange familiebarnehagar er små og eit godt […]

Det er neppe alle familiebarnehagar som er millionbutikk. Mange familiebarnehagar er små og eit godt alternativ, kanskje spesielt i bygdene der det kan vera stor avstandar mellom barnehagane. Likevel må ein vera trygg på at ungane har eit like godt tilbod her som i andre barnehagar. Så lenge statsstøtta er den same, er det er fleire måtar ein kan sikra det på.

Ein måte å gjera dette på er å avgrensa kor mange familiebarnehagar ein eigar kan ha. Skal ein bli millionær må ein ha mange, og det kan då gå utover kvaliteten.
Og sjølv om krava til familiebarnehagar ikkje er like strenge som til vanlege barnehagar, blir det stilt krav. Kommunen er den som skal godkjenne den enkelte heimen til familiebarnehage, og dermed kan ein også ha ein kontroll med dei.
Helst bør den som skal driva ein familiebarnehage ha utdanning til dette, eller god erfaring som kan kompensera for manglande utdanning. I tillegg må det stillast krav om eit høgt minimumstal på timar barnehagen har pedagogisk utdanna bemanning.

I Noreg var det i fjor 700 familiebarnehagar og 2530 private barnehagar. Både utdanningsforbundet og Private Barnehagers Landsforbund reagerer på at enkelte tener seg søkkrik på barnehagedrift, noko elles også enkelte eigarar av private barnehagar gjer.
Men det kan ikkje bli slik at det ikkje vert lov å tena pengar på barnehagedrift, vel og merke så lenge tilbodet er så godt som det skal vera. For det viktige i denne saka er ikkje om nokon tenar pengar eller ei, men at barna får den oppfølginga dei skal ha i ein barnehage. Heldigvis får dei det i dei aller fleste barnehagane, både familiebarnehagar, private- og kommunale barnehagar.